Stakkars Ingolf

Ikkje alltid like enkelt å vere katt og skulle passe på hus og heim.Iallefall ikkje nærområdet
Har hatt ein revefamilie gåande rundt om .To små flotte revungar,men ikkje akkuratt bestevenn med kattar
I tillegg er her katter frå andre nabolag
Dei tre som bur her har på eit vis funne sin rode

Men,Ingolf er alltid på plass når gamlemor kjem frå seinvakt
Er han ikkje inne eller på tunet,så kjem han springande og høyrer mjauinga på lang avstand

Litt før eg skulle ta av frå hovudvegen igårkveld, såg eg noko orangerødt hoppa inn i buskene i vegkrysset

Uff var første tanken..Revunge..
Parkerte..Ingen Ingolf
Ikkje var han inne og høyrde han heller ikkje
Med litt sånn klump i magen ,tusla eg ned bakken mens eg ropa.
Der høyrde eg ei svak røyst
Å lokalisere kor det var tok si tid
For der
høgt oppe i ei vaklevoren bjørk der klamra Ingolf seg fast
Lykkeleg og glad for å vere redda frå det orange lynet,men å komme ned derifrå tok si tid
Ikkje så mange greiner å stole på akkuratt
Tok si tid opp vegen og
For med to skritt fram var det å kaste seg rundt for å sjekke kva som var bak.Stole heilt på gamla var utelukka
Reven var nok i buskene

Men trur han tenkte at:
Vel er gamla både gneldrete og til tider ganske så sur,men ho er der når det trengst:-)Redda denne gangen og

Ha ein fin torsdag
Sjølv om han her hos meg er litt grå og trist

Steike flott sovever:-)

Gjeld å vere positiv å finne lysglimta i kvardagen
Det høyrer vi stadig vekk
Idag har eg funne dagens
Har gjordt det eg. Sove altso.
Held meg i senga til 10
Gjorde godt og
Har berre flytta meg inn til Ingolf i sofaen
Innever derigården og

Kun laga meg kaffi og satt igang oppvaskmaskina
Må finne meg ein frukost snart og helst ein som er god for tennene:-)

Er vel kanskje dette som eg skal putle med før jobb
Då slepp eg anstrenge meg:-)
Kommen litt lenger enn på bilde,men trur eg må ta opp fellinga på første,for vart litt kort
Aldri arbeidsledig når eg strikka,for det har det med å dukke opp små problem og feil og manglar
Men ,blir somregel eit eller anna resultat
I dagen stress og kav er det kanskje godt å ha slike dagar der ein berre roar ned
Senkar skuldrane og let humla suse

God lørdag

Hipp hurra for hjelpsom tannlege:-)

Hellenes og Lunde
Tannlegekontoret i Sunnfjord kommune kan anbefalast
Fekk hjelp idag sånn midt i ferietida og vart spart for tannverk
No håpar eg at resten av tennene sit fast ,for fleire slike problem har eg igrunnen ikkje råd til sånn i ferietida:-)

Men no er eg sliten
Lang dag
Ingolf var glad eg endeleg kom frå jobb så han kom seg inn og fekk mat og nærheit

Sommarveret er akkuratt passe til å jobbe i
No lurer eg på kortid Norge får brev frå Usa
Kor lang tid tek det i posten skal tru?
Antar det går pr data dette og
Kven veit
Kan vente oss litt av kvart frå den kanten

Ha ei strålande helg

Det var den tanna

Ikkje trygt å ete salat heller
Syns plutseleg det var vel hard salat
Tenkte kva søren er det
Og der låg den
Halve tanna
Forseint å ringe tannlegen
har ringt no men må avvente svar
Så her sit eg
Men halv tann som murrer og venter på hjelp:-)
Seivakt idag så håper beskjeden kjem fort

Er slikt som kan skje antageleg
Svake tenner
Men irriterande er det og slett ikkje billig:-)
Ha ein super fredag
Pass på tennene og ikkje tygg for hardt:-)

Stemmer ikkje…

Opplett og ein gløtt av sol
yr si vermelding idag
Ser ut,og det høljer ned
Jaja
Eg har fri idag så sånn sett er det som det brukar på fridagen
Rakk no å hente inn kleda frå klesnora om ikkje anna:-)
Hadde igrunnen tenkt eg kunne ta meg ein tur i skog og mark idag,men den er no avlyst:-)Syns det er greit med minst mulig regn på tur
Blir nok ein luftetur men ikkje så langt vekk

Kanskje det berre er eit vink om at eg bør gjere litt innomhus
Skal nok finne på noko,men treg idag
Vart vekt av ein som ringde og ringde og aldri ga opp.Då tok eg telefonen tilslutt:-)
Av og til er det lurt
Kan jo vere det er nokon andre enn ein som vil selje eller lure deg som ringer.Men stort sett er det mykje slike telefoner fortida.


Utsikta er grei den sjølv om det er skyer
Feriever er det ikkje
Men kanskje ikkje den volsomme varmen i europa ellers heller er det ultimate ferieveret
Klager gjer vi uansett

Men må vel snart starte dagen her og
Ha ein super torsdag