Slutt på godveret

Temperaturen er på normalen att og veret er overskya
Litt rått i lufta men fjorden er speilblank
Svartestille som ein sa før:-)
Er ikkje meldt regn idag,men kven veit
her er det berre stille oppvakning med ein rygg som er litt på tverke

Kaffi hjelper på det meste:-)
Kva eg skal finne på idag veit eg ikkje
Burde nok kanskje gått ein tur i marka etter gammalt
Jammen lenge sida sist
Tiltakslysta er litt på null,men har ferie så gjer ingenting om eg ikkje yter det minste idag

Har alltid noko eg kan finne på viss eg gidd
Kjekt med sommar og trafikk på sjøen
Ein høyrer ungar som ler og folk som snakker så høgt for å overdøyve motoren på båten at vi nok høyrer dei bedre på land enn det mottagaren gjer
Syklistar frå mange land sykler forbi på desse smale vegane våre.Her går visst ei rute forbi
Andre er berre på sykkeltrimtur og koster forbi:-)
For ikkje å snakke om bubilane.Dei tek meir plass
Trekkspelfestival har vi og hatt i denne vesle bygda.Privatarrangert.Liv og røre
Det er sommar:-)Dei fekk iallefall eit fantastisk ver

No er varmen over og kanskje det er greit visst eg vil ha gjordt noko ,men dog ikkje med regn i 4 veker:-)
Tek gjerne litt sol i ferien eg og:-)Treng ikkje 30 grader
Men,veret er ikkje noko vi styrer med heldigvis
Bur jo på vestlandet
Ha ein fin tirsdag.
Skal sjå kva eg gidd:-)

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg