Fantastisk dugnadsånd

Hadde litt god tid før jobb igår og gjekk meg ein tur i Havneparken
Heldige som har eit så fint område ved jobben og finare vert det
For ei dugnadsånd

Her er buldrevegg,grillplass,bane for mange typar ballspel og sandkasse:-)
Fin grillhytte og flott badeplass
Og dei jobber på:-)

Sat ei lita stund ved grillhytta og berre nytta roa
Imponert over all dugnadsinnsatsen som er gjordt og som fortsatt pågår
Heldige når ein berre kan rusle ned der aleine eller med ein av bebuarane og berre kose oss

Mykje dugnad som vert lagt ned her og andre plassar
I det heile så er det meste som skjer i bygdenorge basert på dugnad
uten hadde det vel ikkje vore så mykje aktivitet i det heile

Vi tenkjer ofte forlite på kor mykje arbeid som ligg bak det som vi andre berre kan nyte gleda av
Ikkje minst alle turstiane og stolpejakta:-)
Pensjonistane er vel kanskje nokre av dei som er ivrigast i dugnadsarbeidet,men går ikkje uten dei yngre heller:-)
Må gi litt til fellesskapet for å få litt,tenkjer eg

Idag har eg fri.Sola held seg vekke ,men opplett.Ser det skal verte det flotte veret i morra.Eg jobbar:-)
Ei veke att så har gamla ferie.Er nok mange glad for

God helg:-)

2 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg