Etter ei ganske så varm arbeidshelg har gamla endeleg fri
Temperaturen har gått ned nokre hakk og skyene har samla seg på himmelen
Igrunnen passe temperatur på meg
Vorten litt småsnufs og halvsjuk av heile varmen eg
Men stille morning med kaffikoppen og berre nyte morningen er ikkje å forakte
Skal berre tanke krefter kjenner eg
Men var godt med litt sommar.Ikkje for tidleg i midten av juli
Berre å nyte så lenge det varer:-)
Så får det berre vere at det renn frå nasa og augene:-)
Må iallefall prøve å slå plenen..
Det får vere dagens mål
Heldigvis ikkje store biten
Her i havneparken var det iallefall eit yrande badeliv i helga
Har den som nærmaste nabo til jobben
Visste nesten ikkje at det var så mange som heldt til i nabolaget:-)var nok feriefolk og
Skikkeleg kjekt å sjå.Bilde er frå dagane før
Lite badeaktivitet på gamla
Brukar å vete storetåa
Ikkje dei store badetemperaturane her med meg iallefall
Er og blir ei pyse
Misunner litt dei som har brukt helga på fjorden og,sjølv om eg nok helst berre vil ha blikkstille sjø når eg er på tur
Det er det igrunnen sjelden det er
Men,ser koseleg ut altso
Kanskje eg skal ta med meg kaffikoppen ut på altanen
Sola har for øyeblikket vunne over skyene
Ha ein super mandag