Hatt fri idag og den har eg tatt heilt bokstaveleg😙
Skal eg vere ærleg så har eg ikkje gjort nokonting.
Berre luffa rundt i huset og tenkt på alt eg burde ha gjordt..
Slått plenen foreksempel…men graset var litt vått
Fjelltur….naij…
Så i kveld tenkte eg at eg no iallefall kunne tusle meg på utsikten
Plutseleg stoppa ein bil og ei super dame lurte på om eg ville vere med på fjellet..
Ikkje rette skoa sa eg…
Men ombestmmte meg😊
Fantastisk utsikt på Einingsfjellet ikveld
Takk Unni for at du tok meg med ,sjølv om du med det knapt får løyst svetten☺
Kondisen min vert ikkje bedre..er noko eg nok må leve med.
No vert det endå fleire bruer på stien opp.Dei jobba flittig. Flinke folk😊
Er glad eg vart med sjølv om eg vart litt våt på beina.
Nydeleg tur og eg trengde den nok…
Så herlig utsikt! og ja..det er godt bare man kommer seg ut!
dvergpinschere i mitt hjerte: er nydelig 🙂
Så vakre bilder!
Noen dager er det viktig å ta seg tid til å gjøre masse av ingenting. Det er påfylldager vi trenger for å få hverdagene til å gå rundt! 🙂
Ei_heks: tusen takk:-)