Hurra det er vår:-)

Endeleg er mars kommen og vi er i ein vårmånad
Forlengst mentalt ferdig med vinteren og mørketida
Den gir meg absolutt ingen verdens ting anna enn depresive tankar og null arbeidslyst

Kjem seg med vårsola og lengre dagar
Prøver vakne og snu døgnet etter nattevakter,så så volsomt sprett er det ikkje i meg for å vere ærlig
Men det er frihelg og vår:-)

No er det yr og smågrått ute så er heilt greit å vere inne
Har vurdert å gå ut,men ser regnet kjem ned langs fjellsida og tenkjer at…nei…
Det gidd eg ikkje
No har eg godt selskap av Ingolf
Gidd ikkje han heller
Skiskyting på tv
Burde gjordt noko inne om ikkje anna,så får sjå om eg får eit snev av arbeidslyst i løpet av ettermiddagen
Viktig med god planlegging

Ser på den Amerikanske valgkampen og tenkjer at..Godt eg bur i Norge
Der kan ein iallefall ikkje klage over at pensjonistane ikkje får plass i politikken
Kanskje der og burde vore ei aldersgrense for å verte president
Nabolandet vårt i nord skremmer meg og
Uroleg verd
Så lurer eg på kvifor kongen vår har vasa seg så langt avgarde på ferie.
Kanskje han og burde valgt det som dei fleste andre gjer
Ein snartur til Grand Canaria:-)
Litt kortare veg heim om ein vert sjuk

Ha ein super fredag
God helg frå gamla og Ingolfen:-)

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg