Akk ja Når ein får ånden over seg og har lyst på nystekt brød så er det jo berre å sette igang No er eg ikkje nokon mester på kjøkkenet Når eg då gløymer heile brøda i min iver til å hjelpe påskeharen, så vart dei litt godt stekte:-) Korleis smaken er veit eg ikkje Akk ja No mangler påskeharen eit egg, sa han, og eg har godt stekte brød..Litt frustrerte begge to Skal ikkje vere enkelt Har litt for mykje heva brød i ovnen no, så korleis dei vert aner eg ikkje
Men men.Ingen er perfekt og smaker nok heilt ok med brunost på:-) Ingolf seier det spelar ingen rolle. Han skit i brøda og påskeharen:-) Ha ein fin fredagskveld
Tre dager fri til og med Kjenner berre tanken gjer at eg smiler Ikkje det at eg har tenkt å gjere noko spesiellt Har ikkje flytta meg frå sofaen etter eg kom frå jobb Skuldar på regnveret Men trur igrunnen mest det kun er latskap:-)
Men ,imorra skal eg skjerpe meg…trur eg
Litt lov å vere lat innimellom men verre når det ser ut som det vert ein vane:-) Har brukt ettermiddagen til å sett på bakemesterskapet og andre ting eg har gått glipp av i det siste:-) Avslutta med å sjå 71 grader nord:-)
Ingolfen her: No er eg altså ganske så opptrekt Måtte ut eit nødvendig ærend idagtidleg Ingen sa noko om at gamla hadde tidlegvakt Katteluke er jo noko som er fråverande her på bruket Så her har eg vore ute og venta..Og venta Ihelsvolten…
Endeleg kom no dette skabrakkelet heim Eg møtte ho ved bilen Fortalde kva eg meinte om heile opplegget Gjekk framfor og mellom beina på ho for å vere sikker på ho fann vegen opp trappa
Takknemleg? Det kan du gløyme Sur og gneldrete Skunda meg inn på kjøkkenet og var klar for middag Ga tydeleg beskjed Men her var det avkledning og toalettbesøk og veit ikkje kva.. Drog i meg, men då fekk eg høyre det Egoistisk katt som berre tenkte på ein ting Mat og seg sjølv Det er to ting,spør du meg
Når smertene vinn over søvnen er det berre å stå opp.. 03 Mat..Frukost? Ingolf er superklar,men det er ikkje denne dama som kun treng smertestillande,vatn og fred Ingolf må gi tapt om motvillig Frukosten utsett Gamla skifter frå seng til sofa.. Håper på litt meir søvn på morgonstunda. Svart på coronaundersøkelse Noko skal ein jo fordrive tida med😄 Snart starten på ny dag Heldigvis fri
Godt å ha nokon ein kan minnast på ein positiv måte..
Sorgprosessen tek tid og går i bølgddaler..
Rart når bautaen og samlingspunkta er vekke No er det viktig å ta vare på kvarandre Gi ein blomst og eit hyggeleg ord mens det fortsatt er tid. Ikkje utsett til i morgon det magefølelsen seirr vi skal gjere idag
Smil til verden og gi deg sjølv ein klem Ha ein super lørdag❤️
Feirer den på min måte her hos meg Fjelltur med dattera i eit nydeleg ver Lykketrollet vårt var selvfølgeleg med Lilly:-) Ho syns gamla var i ekstremt dårleg form.Er einig
Første fjellturen min iår og den tok si tid Glad det er eit lite fjell
Det viktigaste med dagen var kvalitetstid med dattera og stille og nydeleg ver Viktig å berre vere der i naturen uten for mykje styr
Tja.. Klokka nermar seg iallefall så smått 06 Søvn er oppskrytt men hovudverk er inn. Kjem lett den når ein har mangel på søvn Jaja Forhåpentlegvis så klarer eg å halde meg vaken i dag og Søv nok neste natt:-)
Blir ein vane men går jo rundt i mi eiga verd. Merkeleg kor hjernen jobber om natta…
Kalde netter og fine dagar Nydelig ute no her hos meg Bakdelen med vår og sol er at no er hoggormen her Og her er det mykje av den Grøsser berre ved tanken,men den har jo livets rett den som andre Berre at eg godt kunne klart meg uten desse krypa No var vel og merke den første eg såg påkjørd,men det betyr at neste nok er temmeleg nær
Gjesp Kva skulle eg ha gjordt uten den kaffikoppen…dvs det vert fleire Volsomt med telehiv på vegane etter denne kalde vinteren Så ein har jo fått rista litt opp i innvollane den siste månaden Slitsomt for bil og folk
Snart dukkar skattemeldinga opp.Gleder meg ikkje for reknar med eg får restskatt Ender oftast sånn rundt null,men ser an til at denne ganger vert minusen større
Men ,sånn er det no Ha ein super torsdag Eg skal prøve komme meg gjennom min:-)
Ser ut som vi får ein fin vårdag idag og Eg for min del sto opp sånn i halvirritasjonen Rart med det når tankane svirrar rundt og irritasjonen over ting og tang tek over…Då er det berre å stå opp Men har sove godt nokre timar,trur eg:-) Inntil drømmeverden starta irritere seg over den virkelige verda
Gjesp
Ingolfen er gått ut..Så tidleg gidd ikkje eg gå tur,men trur eg treng ein idag Han med hentesveisen ser ut til å vinne valget i usa iår og…Eg seier ikkje meir Penger er makt For meg er det Amerikanske valget reine sirkuset.Og valget kan ha skremmande utsikter
Dette her kan ta tid.Heklelysta mi for tida er heller laber.Ein omgang i ny og ned.Eg har mykje att. Energinivået mitt er ikkje det det eingang var Himmelen vert meir og meir rød og det lysner av dag Kaffien gjer godt mens eg nyt utsikta
Eg er så imponert over all dugnadsinnsatsen som vert lagt ned overalt i samfunnet vårt Alt ifrå salg av diverse som toalettpapir og kjeks til rydding av stiar, bygging av båtar og trening av diverse idrettsaktiviteter. For ikkje å snakke om all planlegginga som må til:)
Rett og slett fantastisk med desse eldsjelene som står på. Eg kunne vore flinkare. Det må eg ærleg innrømme. Var meir av det før når ungane var i skulealder og med på visa versa. Då stillte ein jo opp:-) Gjer det jo innimellom no og, men ikkje den store bidragsytaren
Skal hjula gå rundt er det lurt om alle gir ein skjerv av fritida si. Iallefall på landsbygda.Ting gjer seg ikkje aleine desverre. Hadde vore sutalaust
Her får eg prøve ta meg sammen så eg får på med kler og komme meg på jobb. Ha ein super dag Og kjekt for oss som kan nyte innsatsen av andre si jobbing:-)
Sov litt lenge idag eg.Om det var godt eller ikkje det veit eg ikkje. Iallefall er eg utsøvd. Trøtt er eg stort sett heile tida. Skya og sol og nydeleg marsdag Vår:-) Skal snart prøve komme meg ut av pysjen og ut i sola Tek si tid Kongen er endeleg på Norsk jord. Greit å ha han heime når helsetilstanden ikkje er den store,tenkjer eg. Hadde iallefall eg sjølv syns visst eg var sjuk
Ser at alle hagedamene har våkna til liv.Treng nok at nokon våkner til liv hagen min og,men den ventetida har vist seg å vere lang Har ikkje den store given. Men eg brukar sette poteter:-)Dei klarer seg jo stort sett sjølv
Ikkje alt som ligg for alle tenkjer eg Men syns flotte hager er nydelige. Ellers kjenner eg på at uroa i verdensbilde pregar meg meir enn eg syns er greit Ein vert så hjelpelaus i slike tider