Kva gjer du meg!

Ingolfen her:
No er eg altså ganske så opptrekt
Måtte ut eit nødvendig ærend idagtidleg
Ingen sa noko om at gamla hadde tidlegvakt
Katteluke er jo noko som er fråverande her på bruket
Så her har eg vore ute og venta..Og venta
Ihelsvolten…

Endeleg kom no dette skabrakkelet heim
Eg møtte ho ved bilen
Fortalde kva eg meinte om heile opplegget
Gjekk framfor og mellom beina på ho for å vere sikker på ho fann vegen opp trappa

Takknemleg? Det kan du gløyme
Sur og gneldrete
Skunda meg inn på kjøkkenet og var klar for middag
Ga tydeleg beskjed
Men her var det avkledning og toalettbesøk og veit ikkje kva..
Drog i meg, men då fekk eg høyre det
Egoistisk katt som berre tenkte på ein ting
Mat og seg sjølv
Det er to ting,spør du meg

Endeleg etter mykje mas kom maten i fatet

Kan det vere så vanskeleg?

ha ein fin tirsdagskveld:-)
Eg slapper av på sofaen.
Grenser for kva eg gidd finne meg i

1 kommentar

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg