Imponert

Eg er så imponert over all dugnadsinnsatsen som vert lagt ned overalt i samfunnet vårt
Alt ifrå salg av diverse som toalettpapir og kjeks til rydding av stiar, bygging av båtar og trening av diverse idrettsaktiviteter. For ikkje å snakke om all planlegginga som må til:)

Rett og slett fantastisk med desse eldsjelene som står på.
Eg kunne vore flinkare. Det må eg ærleg innrømme.
Var meir av det før når ungane var i skulealder og med på visa versa. Då stillte ein jo opp:-)
Gjer det jo innimellom no og, men ikkje den store bidragsytaren

Skal hjula gå rundt er det lurt om alle gir ein skjerv av fritida si. Iallefall på landsbygda.Ting gjer seg ikkje aleine desverre. Hadde vore sutalaust

Hipp hurra for frivilligheita

Her får eg prøve ta meg sammen så eg får på med kler og komme meg på jobb.
Ha ein super dag

Og kjekt for oss som kan nyte innsatsen av andre si jobbing:-)

2 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg