Godt stekt

Akk ja
Når ein får ånden over seg og har lyst på nystekt brød så er det jo berre å sette igang
No er eg ikkje nokon mester på kjøkkenet
Når eg då gløymer heile brøda i min iver til å hjelpe påskeharen, så vart dei litt godt stekte:-)
Korleis smaken er veit eg ikkje
Akk ja
No mangler påskeharen eit egg, sa han, og eg har godt stekte brød..Litt frustrerte begge to
Skal ikkje vere enkelt
Har litt for mykje heva brød i ovnen no, så korleis dei vert aner eg ikkje

Men men.Ingen er perfekt
og smaker nok heilt ok med brunost på:-)
Ingolf seier det spelar ingen rolle.
Han skit i brøda og påskeharen:-)
Ha ein fin fredagskveld

7 kommentarer

Siste innlegg