Her renn det over altso:-)

Når det einaste du treng er rikelig med papir og tørke nasa med,så er det ikkje så mykje meir ein orkar:-)
Sånn riktig skikkeleg forkjøla på tredje dagen…men det går jo over..Må berre vente å ha tolmodigheit

Lenge sida eg har vore s sylta.Er nok virus .Naboen fekk det før meg,så er nok vorte smitta
Men matlysta er på plass,desverre…
Eller mest søtsaker eg har kasta innpå.Ikkje bra..

Merkeleg når ein er sjuk.Vert glidande overgang frå natt til dag.Søv liksom stykkevis og delt og døgnet rundt:-)

Får håpe det gir seg like fort som det kom
Var visst flott nordlys overalt igårkveld.Var ute på altanen for å sjekke eg og,men såg ingenting..
No ser eg lite mot nord grunna fjellet,så skulder på det.
Ikkje var eg så lenge ute heller…Ganske kort for å vere ærlig.
Har no testa meg for corona for sikkerheitskuld..Men det har eg ikkje

Fantorangen var med på maskorama:-)Litt artig og spesiellt.Fekk i det minste fram smilet mitt.Blir mykje tv -titting frå sofaen desse dagane
Nyheitene ellers inneber mykje elendigheit

Vore nydeleg ver i det siste,men vinteren lurer nok rundt hjørnet.
Fått lagt om dekka etter nokre kalde morningar.Skummelt med sommardekk når det ligg is i svingane.
Men sidan det er gjordt,så kjem det vel mildver antar eg.Men det får så vere.
Iallefall så gjer det godt med kaffi nedi ein endå litt sår hals.Men den har komme seg.Halsen altso:-)

Ha ein super søndag

1 kommentar

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg