Tidleg oppe idag og men utkvild. Kursdag på Skei og lang veg til og frå tek på,iallefall med lite søvn på forhand.. Men det tok eg att..Med Ingolf som dyne Sovna på sofaen og bytta til senga ein eller annan gang i halvsvime Ikkje nokon ungdom lenger.
Er igrunnen passeleg kursver.. Det høljer ned. Nesten skremmande store nedbørsmengder. Elvane er ganske så store.
Litt godt med desse stille stundene før jobb. Berre meg og kaffikoppen. Lag dåke ein fin dag
Vestlandsver og fri. Litt sånn grå dag med regn innimellom.Kjenner at det faktisk er akkurat det eg treng Berre få surre rundt inne,fyre i ovnen og berre nyte fridagen
Syns Ingolf og,så vi berre slapper av.
Kjøpt meg ny bok som eg gleder meg til å ta fatt på. Fagliteratur er viktig når ein skal halde seg oppdatert. Viktige tema Men idag er eg i frimodus og no venter tre dagers kursing i diverse,så får vente nokre dager. Trur at idag er det lite sving på hjernecella Har ikkje eingang dilla meg til å finne fram strikkepinnane. Tråden til sokkane er på plass:-) Kanskje eg heller skal hekle litt..Der har det nemlig vore innlagt ein ..eg er lei pause Dataverden er truga av angrep…Heimevernet har fått vaktansvar og vi merker litt meir til at vi tross alt er ein sårbar nasjon vi og
Stortinget har starta arbeidsdagen og cryptovaluta er den nye invisteringa blandt unge … Den type valuta har eg ikkje greie på.Skjønner det rett og slett ikkje Trur eg nok er like greit.
Ser på vermeldingane og ser at det er skikkeleg flott kursver:-)Heilt greit å vere inne når det regnar ute:-)
Sove lenge Søndagsro Slappe av med kaffikoppen Passe lang luftetur i vestlandsbunaden Berre sånn etter vegen
Ser på nyheiter der heimevernet skal bistå politiet med vakthald på Olje og gassanlegg.. Ikkje fullt så trygt som før. Vi er ein del av verden vi og.. Snart jobb.