Fullt køyr :-)

Tankekøyret er det som er mest slitande
Hjernecella jobber på høggir natt og dag. Søvn har den ikkje tid til.
Og alle dei tema ein er innom då…Heilt vanvittig. Ikkje kjem ein stort vidare med tankane heller, for har liksom ikkje mandat til å løyse dei i søvne heller:-)

Når eg då til slutt sovnar…Då gjekk alarmen.Røykvarslaren slo ut i fulle sirener. Og her er det seriekobling.
Gamla var kommen i innerste kjellarboden før augene var skikkeleg åpne..
Ingenting og spore. Nok berre tett luft. Så vart utlufting .
Katten var like forvirra som gamla.

Søvnen stakk og av,så no sto eg til slutt opp.Hovudverken er begynnt å bli temmeleg forstyrrande,så tatt medisin:-)
Blir litt slitsom dag med lite søvn, sånn er det.
Kanskje eg burde hatt ryggmasasje idag og ikkje soneterapi.
Men kanskje det og løyser opp negativ energi og stresshormon:-)

Frihelg,så her skal det slappast av.
Berre senke skuldrane og la humla suse.Det er faktisk viktig i ein travel kvardag.
Ikkje er det lenge til jul heller …
På tide å tenke på presangar og forberedelsar…Plutseleg er det 14 dager att,og eg har gjordt null.
Skjedd ofte:-)Intensjonane er der ,men venter på stemninga og lysta.
Alt blir jo dyrare og dyrare..Her må planleggast:-)

No er det tid for kaffi og aviser:-)Ha ein fin dag

1 kommentar

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg