Eg har gått i hi

Herrefred for eit ver det er ute.Må innrømme.Idag går eg ikkje utom ei dør.Trimtur skal gjere godt og ikkje føre til varig skade.
Ute er det rett og slett ikkje verande

Ingolf var ute då eg gjekk på jobb idag..
Eg kom seint heim,for stakk oppom naboen på vegen heim .Så var jo litt seint.
Ingen Ingolf kom kjeftande og klaga sin nød over regn og matmangel.
Låste opp døra…Og der sat han. Svolten men fornøgd…
Må sei eg tenkte…er eg vorte heilt sprø. Han sprang meg jo nesten ned idagtidleg på veg til bilen…Og ein katt kan ikkje komme seg inn aleine…

Så måtte sende melding til jr….og nabo….Har du sleppt inn Ingolf?…
Heldigvis så hadde han trefft på bossdunken min som var på ein flytur i vegen.Skulle berge den,då Ingolf melde seg og klaga si nød .Så han hadde jo syns synd i stakkaren…
For det er stemme på Ingolf..Det skal han ha…
Fekk beskjed av han at dette syns han tydelegvis ikkje noko om,men når pus får mat,så er alt berre velstand.
Kjende eg vart litt sånn uggen av ein katt som plutseleg hadde komme inn gjennom låste dører:-)Noko eg altså skjønnte han ikkje hadde:-)

No har eg fått levande lys på bordet og batterilys klar.
I dette veret kan ein jo miste strømmen.Ikkje ofte det skjer,men litt smart å vre føre var:-)

Her skal det berre slappast av,kjenner eg.
Gidd ikkje noko for tida.Ta fram hekletøyet og prøve å gjere ferdig dette langtidsprosjektet:-)
Ingolf har sovna .Utslitt av ein lang utedag.

Ha ein super kveld

4 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg