Ting tek tid

Idag er det ein slik dag.
Kroppen er stiv som ein stokk og gjer alt for å motarbeide.
Hovudet banker og Ingolf er sur.

Jaja..Bruker å gå seg til,men idag tek det tid.
Så eg sit under teppet og nyt kaffien min.
Vinden har roa litt ser eg,piggskover eller ikkje..Hos meg er det det,men i hovudvegen veit eg ikkje.
Gjesp.
Trur eg tek ein kosemeginne dag eg.
Sport på tv.
Litt frisk luft må eg nok ha.
Rydde vekk litt meir av jula.
Ikkje minst..På rett plass.
Då er det berre å vente på våren🎈
Imens er eg glad for piggdekk og piggsko er oppfunne

Det er ufyseleg

Mykje ver og glad eg kunne krype under teppet etter endt nattevakt.
Liksom ikkje dagen for utflykter.
rusla meg ein føremiddagstur før vinden tok heilt av.

Innever.
Rydda og støvsuga før eg berre skulle slappe av i godstolen.
Vakna med nakkesmerter og hovudet på skakke.Ilt i musklar eg ikkje visste eg hadde
Sånn går det når ole lukkøye plutseleg dukka opp.
Så gamla har lagt seg på sofaen.For gammal tilvå sove i rare stillingar
Vinden uler rundt hushjørna.
Fyr i ovnen og koseleg innever.
Ingolf er einig..
Vi held oss iro.
Koser meg med resten av julesnopet.
Skremmande med vinden sine krefter og dei ulykkene det fører med seg.Leit når liv går tapt

Ha ein super fredagskveld.
Helsing frå gamla og katten.

Eg frys

Syns kulden går gjennom marg og bein og hendene er iskalde..
Og eg har varme i huset altso.
Både varmepumpe og fyr i ovnen
Går seg vel til


Kveldens syssel.

Stakkars Ingolf kom ikkje heim igår.
Lykkelig og glad då han høyrde stemma mi hos naboen.
Har nok fynne ly i eit uthus,men var svolten og trøtt stakkaren.
Borte bra men heime best..Iallefall om vinteren.
iskunst.

Hadde meg ein fin luftetur før uveret kjem.
Viktig å nyte øyeblikka.
Ha ein super kveld

Godt nyttår💥

Velkommen 2023
Håper du kjem med positivitet og glede
Iallefall kom du med kulde og holkeføre.

Nyt kaffikoppen mens eg prøver vakne og bli klar til jobb.
Vore godt med juleferie,men har nok godt av å komme vekk frå sofasitting.

Skal sitte på med kollega så slepp tine bil.
Der er første positive tingen.
Kva 2023 kjem med veit eg heldigvis ikkje

Ha ein super 1 januar❤️