Ikkje min dag

For nokon var fredag den 13 mindre heldig..
Eg heng litt etter.
Sov dårleg ,men gjekk greit heilt til eg sat å venta på augepooi.
Hadde kjøpt meg ein kopp sjokolade.
Problemet var..den havna på bukselåret og ikkje i mage.
Så her var det å prøve vaske vekk det verste.
Fekk hjelp til golvet og bak..
Kaldt med klissvåt bukselår i minus 11..
Godt eg hadde boblekåpe..
Kom på at eg hadde på meg klokke..Det skal ein ikkje på operasjonssalen.
Putta den i kåpelomma og sidan var den borte vekk.
Huksa ikkje på den då eg tok på jakka
Antar eg sjølv har rive den ut ilag med telefonen utanfor sykehuset eller på butikken.For då eg trengde den…ingen klokke
Kan ikkje tru nokon tok den..

Ikkje min dag.
Mulig dei høgare makter meinte at eg ikkje trengde aktivitetsklokke..
Men er som å kaste peng ut av vinduet..

Kjøpt meg vaskemaskin og idag..
Litt ventetid.
Vasker hos naboen,men ikkje det kjekkaste ein gjer med desse straumprisane…

Men slike ulykkesdager er best å legge fort bak seg.
Sykepleiarane på auge pool var kjempeflinke.
Eg hadde folk som køyrde meg…sikkert lurt.

Gått turen min og laga meg god middag.
Pengane fekk fart på seg,men sånn er det av og til.

Syndaren…
sjelefreden.

No må eg fyre i ovnen til mesterens mester..
Så tek eg litt lørdagsgodt på ein fredag…
Det treng eg🥳

2 kommentarer
    1. Ja dette kunne godt vært fredag den 13…. :-/
      Trasig med klokka og alt som skjedde….
      Men no har du nok fått i gang den nye vaskemaskina – auge er betre og mesterens mester er over.
      Det er lørdag!
      God helg 🙂

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg