Sol 🌞
Litt snø
Obs is og litt glatt
Nydeleg søndag
Gjorde godt for kropp og sjel
Vi treng slike dagar
God søndag
Har normalt eit litt hissig temperament
Men no tek det heilt av
Har liksom meir enn nok med smertene
Ingolf meiner det har klikka heilt og det kan eg kanskje vere einig i
Idag er det fint ute
Er litt snø endå
Nok til at eg er redd vegen min er temmeleg så glatt:-)
Har no broddesko,så må nok hente dei fram idag
Trur eg må prøve å g meg ein tur
Avlede smertene litt
For dei er der,uansett kva eg måtte finne på
Går forhåpentlegvis fort over
Noko skal ein jo ha
Andre får influensa og eg slår til med helvetesild:-)
Tek ein tv dag eg.Kombinert
Mest glad i skiskyting skal eg vere ærlig
God søndag❤️
Helvetesild
Etter fleire dagar med temmeleg iltre smerter,så kom utslettet
Frå å tenke at smertene kom av musklane ,så vart eg til slutt sikker på
et gjer dei ikkje
Var inne på tanken om helvetesild
Viss de lurer
Det er ingen ting å ha
Skjønner navnet for å sei det slik
Snill nabo kjørde meg på skitføre til sjukehuset
Synd den lokale legevaktsatelitten ikkje var oppe
Hadde spart meg for 4 timars køyring
Eller eg slapp køyre sjølv
No var no eg og legen einig i diagnosa
På apoteket og henta ut tablettar
Det var ikkje billig:-)
Håper det hjelp
Går visst ikkje over med det første:-)
Trur eg må ha litt sterkare enn aracet til natta
Den hjelper lite
Akk ja
Noko skal ein jo ha
Glad eg bur aleine
God helg
Små gleder
Litt trøtt etter natt og lite søvn i dag
Må snu sovemønsteret til normalen
Fekk nydelig bukett av dattera❤️
Koselig med nydelig høstfarger i kontrast til snølandskapet ute
Vi gjekk inn når sola forsvann vi to
Koseligste i sofaen
Om alt om Epstein no kjem fram i lyset tviler eg på. Er som regel noko ein held sjukt
Krigen i Midtøsten tek aldri slutt
Frykteleg
Samme med dei andre krigene som pågår
Vi er ikkje trygge lenger vi heller
Vi er sårbare
Men lite ein kan gjere med det
Enn så lenge er her trygt og godt
Morgenstemning
Kaldt men flott
No skal det snu og bli glatt og vått
Kulde er greit viss den får vere i fred
Men no kjem mildner og det er slutt med det
Men no skal eg berre ta meg ein liten lur
Ellers vert eg både trøtt og sur
Ikkje mi årstid
Lyst og fint når det er kvitt
Men klarer meg uten i livet mitt
Har lagt meg på sofaen med to tepper på
Trur neppe eg i dag skal meir ut å gå
Natt
Når kvelden går over til natt
Og tankerekka er nokså bratt
Når katten tenkjer at her må bli ro
Og gamla ho tenkjer
Først må eg på do
Frå seinvakt og lefsebaking til isete veg
Rett opp i sofaen og pleddet godt tulla rundt meg
Sett kompaniet klatre seg opp ein bratt sti
No er det litt krim ,no er eg på gli
Om eg får sove det kan ein lure på
Men kan sove i morra så får heller la gå
Straumen er dyr,skal eg velge Norgespris
Kan jo ikkje godt fryse til is
Vart ganske så kaldt og straumen fauk opp
Merkeleg at det sånn plutseleg gjer eit stort hopp
Men eg har jo ved eg kan spe litt på med
Skal kanskje vere glad eg får bu her i fred
Kvitt teppe
No starter årets vintertrim og ekstremsport
Ikkje glad i denne årstida
Sikkert grunna isete vegar med hjarte i halsen og all denne måkinga
Jau då
Får masse trim
Men kunne godt ha vore forruten
Spesiellt køyre på glatte smale vegar
Men eg bur her eg bur av eigen vilje
Og på jobb må eg
Kjøpe mat må eg og for den saks skuld
Vert meir pysete med åra
Epstein dokumenter skal offentliggjerast eller ikkje
Kva som står der er ikkje godt å seie
Skremmande kor mykje makt pengar gir og kor mykje ein då kan styre med i åresvis uten at nokon grip inn
uff
Nei,gamla får prøve å få kroppen igang og starte dagen
Ha ein super tirsdag
Idag skal det bakast lefser på avdelinga er meininga
Blir nok ein kjekk ettermiddag på jobb
Og det er ikkje meg sonm har ansvaret
Men,eg er god på å hjelpe til
Vinter
Og frosen bil
Det heng liksom ihop
Min står ute og då er det slik
Tilbake til kvardagen
Sove lenge
Kaffi og pledd
Normal start på dagen
Bør nok satse på tur ut før jobb
Litt frisk luft er nok lurt,men ser på vind og ver at den må skje godt påkledd:-)
Norge slo Italia og verden vart litt lysare for gjengen som kjem til VM
Godt med litt positivt i ein heller trist verden
Snart jul og her er ingenting gjordt
Men jula kjem uansett den:-)
Ha ein fin mandag
Søsterhelg
Kjempekos å treffast
Stolpejakt i Kanadaskogen er fint for kropp og sjel
Trim ,prat og latter
Kjekt å besøke nye plassar
Kjekt å vere i lag
Stolpejakt er fin aktivitet
Kvalitetstid
Hadde ei stille og roleg helg
Berre kosa oss i lag
Tok ekspressbåten
Fint transportmiddel sjølv om eg syns det er vorte dyrt



























