Natt

Når kvelden går over til natt
Og tankerekka er nokså bratt
Når katten tenkjer at her må bli ro
Og gamla ho tenkjer
Først må eg på do

Frå seinvakt og lefsebaking til isete veg
Rett opp i sofaen og pleddet godt tulla rundt meg
Sett kompaniet klatre seg opp ein bratt sti
No er det litt krim ,no er eg på gli

Om eg får sove det kan ein lure på
Men kan sove i morra så får heller la gå
Straumen er dyr,skal eg velge Norgespris
Kan jo ikkje godt fryse til is

Vart ganske så kaldt og straumen fauk opp
Merkeleg at det sånn plutseleg gjer eit stort hopp
Men eg har jo ved eg kan spe litt på med
Skal kanskje vere glad eg får bu her i fred

1 kommentar

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg