God morgen:-)

Fantastisk flott ute idag,men kaldt
Hadde meg ein tur med matbosset Ja altso drog dunken til vegen
Får vere bra nok tur
Brodder og tjukke klær er eit must
Så eg tutla meg innat og under peddet med kaffikoppen
Bildet er ikkje frå idag.No er det skyfritt

Dagens plan er å finne ut kor eg har adventslys og stake
Er liksom aldri der eg trur dei skal vere
Merkelege saker
Må og hente pakke
Trur det er meir enn nok for idag
Blir noko slapp av denne helvetesilden
Men først tek eg ein lang kaffipause og kvil på sofaen:-)
Lage meg frukost kanskje

Vaske til jul gjer eg ikkje
Eg vasker om våren
Må sjå kva eg driv med
Men når eg har fått tørka litt støv
Vaska over golvet og slengt på litt juledukar og nisser her og der så er det jul uansett
Litt kjeks skal eg bake,men berre litt
Lagar dei som eg veit forsvinn or boksane
Ellers har dei mykje godt på butikken
Elskar kjøpte havreflarn
Bei svolten av å tenkje på det.

Ha ein super tirsdag

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg