Julebord på dugnad er mykje jobb
Det skal handlast inn
Maten skal forberedast
Poteter og kolrabi skal skrellast
Det skal dekkast bord og mykje meir
I grendalaga her og andre stader er dette på dugnad
Som oftast utførd av få usynlege som jobbar trutt og anonymt og ikkje minst gratis
Mat skal kokast og den skal serverast
Etterpå skal det ryddas
For ein innsats seier no eg
Blir berre så imponert
Igår var det julebord på Sørbøvåg
Eg var så heldig å få hjelpe til på sjølve kvelden
Barnemat mot all den jobben eg slapp unna
Eg berre skumma fløyten og blir kjempeimponert
Men, sånn er det jo med dugnad uansett kva ein jobba med
Før på dagen hadde eg besøk av ei som samla tomflasker for idrettslaget
Og her er lange avstander og mange kilometer med bil
Desse damene fortjener all ros dei kan få og maten var super:-)
>Slenger med eit der gamla og er med
Eg hadde det berre kjekt trass forkjølelsen
Glad det ikkje er idag
For fint vinterføre er no klink is og det høljer ned
Gamla har tatt paracet og funne fram rikeleg med snytepapir.Skulle tru eg hadde festa:-)
Innedag seier Ingolf,og eg er så einig:-)Håper forkjølelsen snart gir seg for er lei den no
God søndag
Fint at du trekker frem hvilken jobb disse damene gjør! 😊
Dei fortjener det
Jeg virker nesten immun mot sånt som forkjølelse, covid og influensa nesten 🙂
trur eg er motsatt:-)