No går dagane her mest med å halde seg roleg og på sofaen
Hovudverk og forkjølelse
Kva type veit ikkje eg, men sliten vert eg iallefall
Idag er liksom dagen då det meste skjer seg
Var ein app som hadde låst seg på telefonen,så gamla tenkte det var lurt å restarte
Jaja.Appen virka att den ,men ikkje jobbmailen
Det gjekk derimot ikkje å logge seg på der att.Må nok antageleg nedom jobb for å få løyst floken, men fakerten så irriterande.Såg det kom ein mail eg burde ha lese,men …
Sånn går det når ein ikkje tenkjer så langt
I eit anfall av å føle at eg fekk gjordt noko kom eg på at julekappane til kjøkkenet sto oppe på kryploftet..Det måtte no vere noko eg meistra sjølv med litt feber
Ned med stigen
Rydda rundt,trudde eg og kravla meg opp.
Kasse sto så langt unna at eg då ikkje nådde den uten å stige heilt opp
Fann gardinene kjapt og skulle gå ned
Der sat eg som ein idiot
Stigen slo opp då eg gjekk inn på loftet
Tung må vite
Og selvfølgeleg så hadde eg ikkj rydda godt nok
For stigen den hadde så lagt seg oppå ei plastbøtte som stod på golvet.Den sto heilt inntil kleskapet og bom fast
Der sat eg ..Skjønnte eg kunne ordne fadesen med å få dratt til meg nederste del av stigen…
Men korleis fekk eg fat i den uten å tippe fram
Ikkje så bøyeleg lenger:-)
Kom på at eg kunne evt,ringe naboen…
Men,for å ringe må ein ha med telefonen
Det hadde ikkje eg
Fekk til slutt tak i nederste delen og kom meg ned…Litt av eit syn og tok si tid
Lurt å tenkje før ein skal gjere noko sjølv om det ikkje krev så mykje i utgangspunktet
Reine komedien:-)
Uff
Så trur eg skal halde meg iro resten av dagen
Ja, når man er syk og svimmel bør man ikke finne på for mye sprell
Heilt sant:-)
Du skriv veldig bra. Eg var nesten med deg på mørkeloftet , i tankane.
Tusen takk:-)
ja må le – kjenner meg igjen i hva som kan skje på veien – opp en stige og der sit ein støkk…. du ordna biffen du