Søvnen er litt ute å køyre ,så her sit vi…eg og Ingolfen. I motsetning til meg er han frisk og sprudlande om morningen… Selfie er visst tingen fortida,så han prøver seg på den
Må innrømme at føret heim frå jobb i går var det verste eg har kørt på på lenge.Renneføre frå start til mål.Kan ikkje sei eg hadde følelsen av å ha kontroll. Då eg velvar heime køyrde plogen forbi..Når det først laver ned med snø,for så å slå over på regn,så blir det slik Beste stykke var faktisk frå vegen og opp til huset… Dette er altså frå no:-)Ute er det måneskinn og flott..
Tufs på morningen…Smakte med kaffi må eg sei. Ingolf er misfornøgd med frukosten.Meiner det er han som bestemmer menyen..Der tek han altso feil,men er jo lov å protestere. Hadde han kunne skrive er eg redd det hadde komme eit lesarinnlegg i avisa… Og hadde nok vorte av den negative sorten
Fri idag håper eg. Hadde iallefall vore greit.Både for at eg treng det og for at eg ikkje har lyst å køyre på glatte vegar. Er forhåpentligvis bedre føre idag.
Må vel snart ta den daglege coronatesten:-) Brekke meg litt…Skal ikkje berre vere enkelt.. Må hente ved og,men venter til det vert ein smule lysare… Varmepumpa durer den,men eg frys igrunne.Sjølv med tjukk genser og teppe.
Tok og stakk ut då husfrua kom frå jobb. Kan ho lufte seg,så kan eg og gamla gjekk runda si og eg utforska nærområdet.. Traff på ein sær gammal katt nedom huset.. Han påsto at her var han sjef.. Ikkje høyre han og remjer so ei geit.. Eg stakk til skogs..
Kor lenge var Adam i paradis.. Gamla kom frå tur,og då innbilte ho seg at eg skulle gjere det same.. Seriøst? Høyrde gamlekatta remja og svarde so eg tenkte.. Dei om det.. Ropte og skreik på Ingolf i faste intervaller.Trur ho eg er døv? Såg ho rusla rundt.. Kven bryr seg.. Til slutt syns eg synd i gamla,der eg sat oppå fjellkanten og skua utover.. Svarde forsiktig og sette meg på ei smal hylle nede på berget.. Spelte litt hjelpelaus.. Trur du ikkje spetakkelet begynnte å klatre.. Eg orka ikkje sjå på,så hoppa ned med kurs inn kjellardøra.. Ho er ikkje mykje redd for lårhalsen. Fann meg litt mat.. Vart utsleten av å sjå på.. Tok lørdagsvasken. Er det ikkje lov?Kven bryr seg…Gale er det å vere skitten,og vasker ein ser er jammen det feil og….No tek eg kvelden God lørdagskveld frå Ingolf
Fann eit mønster og ein genser eg syns såg enkel ut.. Raglansfelling og allting. Tilbud på strikkepakken.
Full av sjølvtillit bestillte eg pakken. Tok fram mønsteret og las… Start frå halsen og ned….. Amen.. Alt begynnt å rekke opp,med tråd som ikkje vil rekkast opp…. Får feil masketal ved auking… Dette her er ikkje godt for blodtrykket.. Til og meg Ingolf held avstand.. Slitne begge to.. Eg etter Førdetur og han etter å ha rydda klær frå tørkestativet..
Eg fekk raspeballer til middag.Dog ikkje av Ingolf men av mamma.. Ingolf fekk mat av #bestemora#
Hater morgengrettne damer. Her er eg overlykkeleg for besøk tidleg på morningen. Møter i gangen.Er med på toalettet.Snurrer meg rundt beina på kjøkkenet. Er det min feil at kjerringa er ustø? Kryp godt opp på fanget. Koser skikkeleg med klørne ute og maler fornøgd. Kva er gale med morgenmassasje? No har ho fått teppe som beskyttelse og roa har senka seg.. Trur ho treng litt kaffi Nokon er berre usmakelige på morningen Eg søv litt her eg.. Er tross sjefen:-)
Ikkje berre berre å bli sambuara.. Ei gammal og sær og så ein ung sjarmør som er vand å flakke ute kor det måtte passe..
Jau då…vi er venner.. No lurer Ingolf på kvifor eg har slengt tepper rundt i full uorden i sofaen.. Kva er vitsen liksom. Sjølv foretrekk han å ligge rett på sofaen. Visst då ikkje eg sit under teppe
Veldig glad i nærheit… Der er vi ulike.. Men kven vinn.. av og til er negativitet positivt..
Han flytta inn ikveld. Trur ikkje akkuratt han hadde tenkt å ende opp med ei gammal rynkete kjerring.
Det første han gjorde var å glefse i seg litt mat.
Har granska kvar krik og krop.inspisert alle dører og glaskarmer i håp om å finne ein veg ut.. Med store stirrande auge forsøkt å drepe sofaen. Prøvde trakke meg flat før han no har lagt seg i vinduskarmen.. Som mannfolk flest gidd han ikkje høyre etter og later som eg ikkje er til stades.. Tek kontakt når han vil,ellers så driv vi på med vårt.. Går seg vel til
Søvn er ikkje så enkel å få Inatt så jobber mine hjerneceller på Eg skrur dei av,men søvnen er borte vekk Nett som snøen,når den regner vekk
Blir sliten av å ligge å snu og vende meg sto opp for å skrive nokre ord til deg Ta meg litt varmt å ete og drikke Nasespray og paracet,no mangler berre hikke
Er berre å prøve å gjere det beste utav natta Kanskje eg skal gå ut og mjaue ilag med katta. Er slike netter,dei kjem sånn dann og vann. Nett som når regnet fyller bøtter og spann
Men no ser eg ol og et suppe av krus Litt kaffi i koppen,skulle eg begynne med snus? Kanskje det ikkje er så veldig lurt veit heller ikkje om det hadde gått som smurt
Er vanleg forkjølelse i lufta og,sjølv om ein tenkjer corona så snart nasa renn.Igrunnen er symptoma dei same Må ta ein test ikveld for sikkerheitsskuld.
Halsen er iallefall bedre idag. Igår gjekk det i suppe til frukost og lunch:-) Er veldig glad i tomatsuppe:-) Valentinsdag idag.Var ikkje det i mi ungdomstid:-)Har igrunnen aldri feira den eller gitt valentinsgave, eller kort.Er gammal:-)Sånn er det berre.
Trur denne høgda og kulden i ol blir for volsom for nokre av idrettsutøverane.Er ikkje kjekt å sjå når dei kolapser heilt.Kan umulig vere bra for helsa:-) Idrett er viktig,men så viktig at ein ødelegg helsa på den er den ikkje ,tenkjer eg
Uroa ute i verden fortsett,og eg er litt redd for kva som kjem til å skje…Utrygg verden vi lever i. Det at alt vert dyrt er vel ein følge av dette.Og dyrare vert det nok.Vi har vel hatt det bra for lenge.Vortne vand med låge prisar og høg levestandar. Tida vil vise
Ha ein super valentinsdag:-)Eller ein heilt vanleg mandag for oss som stuller rundt aleine:-)