Ut i friluft

Tok og stakk ut då husfrua kom frå jobb.
Kan ho lufte seg,så kan eg og
gamla gjekk runda si og eg utforska nærområdet..
Traff på ein sær gammal katt nedom huset..
Han påsto at her var han sjef..
Ikkje høyre han og remjer so ei geit..
Eg stakk til skogs..

Kor lenge var Adam i paradis..
Gamla kom frå tur,og då innbilte ho seg at eg skulle gjere det same..
Seriøst?
Høyrde gamlekatta remja og svarde so eg tenkte..
Dei om det..
Ropte og skreik på Ingolf i faste intervaller.Trur ho eg er døv?
Såg ho rusla rundt..
Kven bryr seg..
Til slutt syns eg synd i gamla,der eg sat oppå fjellkanten og skua utover..
Svarde forsiktig og sette meg på ei smal hylle nede på berget..
Spelte litt hjelpelaus..
Trur du ikkje spetakkelet begynnte å klatre..
Eg orka ikkje sjå på,så hoppa ned med kurs inn kjellardøra..
Ho er ikkje mykje redd for lårhalsen.

Fann meg litt mat..
Vart utsleten av å sjå på..
Tok lørdagsvasken.

Er det ikkje lov?Kven bryr seg…Gale er det å vere skitten,og vasker ein ser er jammen det feil og….No tek eg kvelden
God lørdagskveld frå Ingolf

4 kommentarer

    1. En bekjent av meg hadde en katt som hadde krabbet opp i et tre. Og der ble den sittende i flere dager mens katteeieren lokket og ropte. Til slutt krabbet mannen opp i treet for å hente den stakkars katten.
      Vel, hva tror du det utakknemlige dyret gjorde da det var trygt nede på bakken?
      Jo, katta satte halen i været og for oppover trestammen igjen Etter få minutter var den tilbake på greina si høyt der oppe.
      Moralen?
      Pass mer på lårhalsen enn på katta. Ingolf klarer seg nok.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg