Skremmande tilstander

Må innrømme at når eg sit og ser på nyheitene med uroa i Europa,så kjem covid langt bak i rekka.
Vert liksom ufarleg i samanhengen…Blir kvalm og får ein uggen følelse i heile meg.

Veret står i stil til den følelsen
Skikkeleg drittver ute,for å sei det som det er.Til og med Ingolf har drygt lenge før han kom seg ut døra.Tok mange forsøk

Er stappa tett og fortsatt forkjøla.Tok den obligatoriske morgontesten,men den viser negativ

Er nok negativ på dei fleste måter antageleg.
Igår var eg på årsmøte i fagforbundet
Skikkeleg koseleg å kunne ha møte og treffe andre.Vi var få,slik sett var det greit i desse tider:-)
Litt greit å ikkje berre treffe andre digitalt,sjølv om mange kurs og møter gjerne kan haldast digitale fortsatt for min del.Slepp lange reisetider og utgifter.
Men det passer jo ikkje for alle det heller.

Nattevakter på tapetet.Sånn er livet i tredelt turnus:-)
Vakna tidlegare enn planlagt,så må prøve å få ta ein soveperiode seinare.Ikkje alltid det funker…når eg må.Ellers sovner eg på sofaen rett som det er

Prøve strikke meir på prosjektet…Krysse fingrane for at det fortsatt går bra–
God onsdagsmorning

1 kommentar

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg