Ørnemat!!

Er to flotte ørn som held til her.
Ser dei ofte,sånn ca kvar dag,men dei held seg høgt oppe,som regel
Speider etter mat…

Ingolf var ute og sonderte terrenget ,som vanleg ,og eg gjekk på den faste runda.Trim må eg ha
Sånn nesten heime ser eg opp mot huset mitt..
Det var då eg nesten fekk hjarte i halden og tenkte,,,,Ingolf,,,
For tett over huset mitt der kretsa desse to ørnene.
Nesten kommen heilt ned i runda si, og klar til å stupe for å fange byttet..
Eg jogga…Fekk fart på den gamle skrotten..

Ropte litt sånn panisk på Ingolf..
Der sat han.Kongen,,og skua ned på meg frå berknausen sin…
Ikkje visste han at Ørn er farleg for katter,
Men han kom som eit skudd.Sprang vel fordi eg sprang..
Kom til å tenke på kallen og katten…

Ingolf er nok ikkje vand å ha ørn og rev rundt husa. Ikkje lert å passe seg for dei.
Idag gjekk det bra,men kan fort gå gale..Var nok ørna som tod den forrege katten

Ørnene forsvann att når byttet var vekke

Ingolf hadde seg ein liten tur utatt no i kveldinga.Eg tenkte …tek meg ein dusj imens…Såg ikkje ørnene..
Men idet eg om utatt frå soverommet med kleskift,melde Ingolf han ville inn.
Eg let opp døra i god tru eg…Glad han kom inn så fort…til eg såg kva han hadde i munnen..
Eg tok eit langt byks inn baderomsdøra…Æsj..

Døra ut sto åpen,og ikkje veit eg om Ingolf gjøymde eller åt musa…Ser den ikkje og eg orker ikkje leite..Og det eg ikkje veit har eg ikkje vondt av
Ingen kjedeleg dag med den nye sambuaren

3 kommentarer
    1. Spenning i hverdagen. Men ørn… Har aldri tenkt på at de kan ta katter, men det kan de jo. Vi har ikke mye ørn her. Er det kongeørn du har flyvende rundt huset?

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg