Idag hadde mamma hatt bursdag. Den første uten mamma. Skulle så gjerne hatt deg her litt lenger, men er ikkje alltid det det går etter Saknet vil nok minke etterkvart, men fortsatt så er det for nært innpå Berre gode minner,men ikkje enklare fordet. Saknar kloke råd og kommentarer og få eit ærleg svar på det eg er usikker på Men livet går vidare Hjelp til å få strikka den hersens tommelen på vottane Lærde det igrunnen aldri,for du gjorde dei alltid ferdig Må innrømme at du syns eg var vel dum som ikkje alltid skjønnte dei enkle strikkeoppskriftene Du sa det aldri.men blikk sa meir enn ord. Heller ikkje heilt forståelsen for korleis eg kunne gå meg vill oppå fjellet over oss.Det gjekk ikkje an Gjorde det for meg, men eg kom meg no nedatt til slutt Ikkje så enkelt å forstå når ein sjølv har retningssans og dattera er heilt blåst Men du lærde meg det viktigaste i livet Så lenge ein tek vare på kvarandre så klarer ein seg,sjølv om pengesekken er knapp
Idag skal eg besøke grava di og pappa si før jobb. Berre bruke tida fråm til dess til å kjenne på minna og følelsane Vi er mange som saknar deg og idag er det ein spesiell dag
Det er viktig at vi hukser på å ta vare på kvarandre mens vi er her på jorda. Plutseleg er det for seint. Gløyme oss sjølv litt og ta oss tid til andre rundt oss.
Hadde liksom lagt planer på kva eg kunne finne på idag i godver Det vart det altså ikkje Kanskje det var like bra for ein sliten kropp Trengde nok ein slik latemegdag
Så idag har eg sove lenge…veldig lenge til å vere meg i det siste:-) Tusla meg opp til ein sein kaffikopp og frukost.eller kan kalle det brunch:-)
Sit her fortsatt.Inntulla i teppet Kjenner eg er småsnufs og ikkje heilt på topp.. Dvs det er eg no sjelden,men går forkjølelse på jobb,så er ikkje så rart eg har fått det
Av og til er det godt å berre roe ned og slappe av Trur eg skal fyre litt i ovnen for er litt sånn husekaldt Jobbehelg i vente
Sit og ser på hekleprosjektet mitt og tenkjer at det er nok der eg bør legge inn ein liten innsats.Få det ferdig,,,Har vore ein stopp både titt og ofte.Har liksom ikkje hekleånden over meg
Nyheitene gjer meg berre meir uroleg enn før og ein veit liksom ikkje frå dag til dag kva som dukker opp. Av og til er det berre godt å stenge desse tankane ute,men problema forsvinn ikkje av den grunn Nytter ikkje å rømme unna
No var ho yngre enn mannen både av alder og sinn No står ho åleine og speider i vind
Det er her som ellers i livet Dei gamle er eldst Når aldersforskjellen er stor Er dette det som skjer flest
Men det er jo trist når ein rotner på rot Kan risikere å verte brend og bli til sot Men frua treng nok ein liten sjekk Eg seier det ikkje for å vere frekk Men kan jo vere ho er litt roten Kanskje litt gale om vi finn ho sundebroten
Gamla har vore på dugnad og raka Så til og med ho føler seg litt kaka
Idag har Henrik takka for seg. No har han stått så flott allmed kona si i hagen på omsorgssenteret i mange år. Idag oppdaga eg gjennom glaset at han hadde lagt seg ned,stakkaren
Mista kontakten med stammen sin og der låg han.. så lang han var Rotna tvers av … Kjende eg syns det var trist. Minnesmerket var plutseleg ikkje det det eingang var.Liksom berre gitt seg ende over Om han kan reparerast veit eg ikkje.Virka temmeleg håplaust Men, skal vel aldri gi opp sjølv om det ser mørkt ut
Kva det symboliserer veit eg ikkje Her er det snart dugnad i grendalaget i sånn litt småruskete ver Litt roten eg og ,men tvilsomt om eg rotner på rot:-) Ha ein fin kveld
Eg veit at kondisen er dårleg og kapasiteten er 70 prosent.men hjelpe meg. Trur eg bruker like lang tid opp som andre bruker begge vegar og å komme heilt heim. Mulig varmen og var litt av årsaka Burde nok gjordt som mamma alltid gjorde.Hatt med meg saksa og rydda lyng.Veks over stien. men orka ikkje idag for føltes blytungt. Ellers fin tur altso. Gir ei eiga ro åleine på fjellet
Nydeleg på toppen. Vart sittande lenge og berre nyte og hente innatt krefter. Nedturen gjekk som ein leik.
Må nyte sommeren når den er her eitpar dagar i mai🎈 Idag skal eg nyte den på terassen. Ha ein super lørdag
1mai var liksom turdagen min. Eg trur heilt ærleg eg gjekk veldig mykje for lite.. Ikkje greit å ikkje kunne kart og vere totalt blotta for retningssans. Når ein i tillegg er på ukjende stier kan det vere reine bingoen.
Registrerte meg på ut.no og fann ein stolpe Mulig eg berre kunne fortsatt for å finne fleire.. Eg skjønnte null og niks så tok klokleg å gjekk tilbKe.
Nydeleg tur i fint ver. Nett passeleg for min smak.Flott merka
Når skuldra streiker er det godt beina virkar Men var igår det var turdag. Idag er det meir dagen derpå🎈 Dagen var ikkje ferdig .med dette . Men det får vere neste kapittel
Håper alle får ein strålande 1 mai.Viktig å ta vare på våre rettigheiter Litt grått ute her hos meg og vert inga 1 mai feiring Hadde planer om tur,men frester ikkje akkuratt no Liksom ikkje heilt kommen i sving Stiv,støl og versjuk:-)
Men det kan endre seg Enn så lenge pleier eg helsa og berre prøver å la kroppen våkne til liv
10turen starter idag. Ti turar som eg har ei forhåpning om å klare .Dvs.Til eg såg at eg måtte oppatt på Gygrekjeften iår og Ikkje Nipestien iallefall fekk eg beskjed om.Var vel tung ifjor,så då vert det den lengste vegen om stølane.Var nett så vidt eg klarde den Lifjellet er altså bratt og til og med våre på 71grader nord:-) Men gleder meg til oppdateringa av stiane som dei jobber med
Likar meg best på dei små fjella og toppane eg.Så eg får starte i det små. Viktig å ha små delmål så eg i det minste kjem meg over dørstokken og ut… Men ikkje i regnver:-)
Eine toppen er jo rett i nærheita. Kjekt at nokon lager til desse titurane som turlaga gjer ilag med idrettslaga rundtom Så er det jo opp til kvar og ein om ein vil gå