Vart plutseleg slutt på sommerlege temperaturer og rett på følelsen av at
No nærmar vi oss vinter
Men,nydeleg morning er det
Berre å innsjå at her må tjukkesokkar og gensar fram og vekk med t-skjortefølelsen
Funne meg kaffi og rulla meg inn i pleddet mitt.Fått varmepumpa opp eitpar grader
Nydeleg ver,sa Ingolfen og ut på tur
Der er ikkje eg.Altfor tidleg…
Men må nok ut eintur eg og ,om ikkje i skog og mark
Dei siste dagane har eg faktisk festa enda på ein haug med restegarnsokkar.Har eindel att endå
Trur eg bør feste dei etterkvart heretter
Utsette ting ein syns er mindre kjekt er ingen fordel.Det berre hoper seg opp med mindre kjekke oppgaver som ein ikkje ser enden på
Har eindel slike,og det triste med det er:
At uansett kor lenge eg venter så er det ingen andre som gjer oppgavene
Ender med følelsen av å ikkje strekke til og alt ser litt håplaust ut
Ein av desse oppgavene er å vaske vindua ute
Ser jo ikkje gjennom dei
Men denne veka er det meldt bra ver,så får håpe eg får litt energi
Bør jo skunde meg litt skal eg rekke det før vinteren:-)
Litt kjekt med uteaktiviteter når sola skin
Fordelen med seinvakt.Ein har litt meir tid i sola no når det går mot mørke kveldar
Droner i luftrommet i Norge og Danmark.Ikkje greit.Kven og kvifor …
Vi er ganske sårbare og uroa i verden er ikkje så langt unna oss heller
Vi blir små brikker i eit spel
Ha ein super tirsdag:-)




Kulda har kommet her og. Is på bilvinduene.
Her er været veldig variert. SKIKKELIG kaldt om mårran, og helt sommer midt på dagen 😀