Ein av alle appar for friluftsliv og små eller lange turar Ganske ny her med oss i alle fall Denne veka var det såkalla festival med loddtrekning. Ein tur, eit lodd Har ærleg talt ikkje orka turer på lenge Men i dag hadde eg fire timar pause mellom to møte Nydeleg ver og meldt regn så her var det Berre å benytte tida til tur når eg først var nær nokre av løypene
Fantastiske tima.Gjorde godt for kropp og sjel. Dagsturhytta vår.Panoramoen med grillhytte og utedo:-)Berga dagen:-) Foss nesten uten vatn og ein tur for å finne to stolpa Gjekk ikkje fort,men var berre kos Rakk akkuratt i bilen før dei første regndråpane kom Toppen var at då eg kom på møte for grendalagsleiarane hadde kjekk leiaren for frivilligheita laga kveldsmat.Nett som bestillt.Heia Julie:-) Lang dag men positiv Er då eg lurer på kvifor eg ikkje har bevega meg ein cm før i veka:-) Imorra er det bilen sin tur med litt stell og pleie Då har eg tenkt å unne meg litt bailine masasje.Gjer veldig godt for ryggen min:-) Må nyte siste dagane av ferien-Mandag er det slutt på latskapen
Siste veka av ferien Føregår i fred og ro som de skjønner. Forkjøla så formen er litt bob bob Det er godveret og ser det ut som Stille og roleg myggver:-)
Er no litt godt å sitte her og krøller tærne i hop og berre våkne langsomt Frisør idag Det trengst Heilt lik madan mim Eller hufsa.. Ta fram støvsugaren bør eg og.Har ikkje orka så mykje dei siste dagane Men, fått vaska klær og tørka ute.Syns dei lukter så godt då
Har liksom mista lysta og orket til tura i skog og mark Har nok litt med forma å gjere,men brytaren gjekk av. Går jo tur,men det på vegen.Overlet skogen til hjortejegerane Er litt for roleg for tida.Ingenting som frestar liksom Går seg nok til Valget er over. Nokon er fornøgde andre ikkje Korleis det vert med så mange som er avhengig av kvarandre på kryss og tvers det vil vise seg Verda er i endring uansett kven som styrer
Toler ikkje sommar i september eg tydelegvis Ser ut som det blir ein nydeleg dag idag og Vart vekt av nokre overivrige typar som legg kabler til fiber No er eg ikkje så veldig imponert over jobben deira,men dei starter kl 07.Ivrige i tjenesta når eg vil ha fred og ro ein mandagsmorning
Litt spent på kva dei jobbar med,for såg ut som dei tenkte grave på feil side Iallefall så hadde dei ikkje fylgt oppmerkingane til no Har liksom ikkje lyst dei skal grave opp kloakken min:-)
Har bestillt grus til vegen opp til meg,men venter til denne gjengen er ferdig med å få det grusa Denne gjengen tarff eg på gårsdagens tur Gjekk etter meg på tur og retur.Venta nok å få ein godbit og ga tydeleg beskjed om kva dei syns om gnitne gamle damer:-) Nydeleg måneskinn i gårkveld då eg kom heim Venta på Ingolf i timesvis Han var ikkje heime då eg dukka opp i gårkveld,men var opservert tidlegare på dagen langt uti vegen der gamlemor brukar å gå.Var nok på leit han.Omsorgsfull type Kom att i natt.Utslitt og svolten.Har ikkje tenkt seg ut med det første seier han:-) Meg kan han jo ikkje stole på
Blir ein nydeleg dag.Heilt stille på fjorden.Skyer på himmelen,men sola gjer sitt beste for å trenge gjennom Kjenner at eg skal ha ein roleg dag.. Valgdagen Utfallet er eg spennt på.Iår kan det slå begge vegar,men godt vi er i mål uansett Blir ofte mykje personangrep og lite politikk på slutten Ikkje var eg heldig med potetene eg sette heller.Kanskje eg vatna dei forlite Akk ja Eg får prøve på nytt att neste år.Litt gulrøtter kom no opp om ikkje anna .Få men eksklusive og litt løk.Men alt for lite etter kva det burde vore Må nok finne ei anna løysing til våren. Trøysta var nesten ei korg plommer på viktoriatreet Ikkje mykje altso,men dog Her må ein finne lyspunkt i alt Det andre treet hadde nemleg null og fekk to moreller:-)Utsøkt kvalitet Grønne fingra har eg ikkje Ha ein super valgdag og mandag Her skal eg pusse nasa og syns synd i meg sjølv ei stund til
Søndagsmorning og kaffitid Litt grå og tung morning men håper den forsvinn fort Forkjøla Irriterande men går over Koser meg i lag med barnebarna. Kvalitetstid Dei er så store at igrunnen så treng dei meg ikkje. No er det vel helst dei som hjelper meg Tida går så altfor fort
Kjekt å gå tur i litt andre omgivelse enn dei eg går i til vanleg
Nyhetene er mest opptatt av Listhaug sin uttalelse til AUF kandidaten. Trur ho treng litt pause Godt valgkampen snart er over før den baller seg heilt til Dumt med desse orda Det ein har uttalt kan ein ikkje gjere så mykje med Fort gjorde å trakke i salate men verre å rydde opp Unnskyld hjelper men dei orda sit ofte langt inne eller for noken så eksisterer dei ikkje Men sagt er jo sagt Og det ein seier er kanskje ikkje vondt meint men blir oppfatta annarleis. Men nokon ting kan ikkje misforståast Då vert det verre
Ikkje enkelt dette her Då er det greit å heller strikke restesokka
Venter liksom på at Hufsa frå Mumidalen skal dukke opp i horisonten Eller kanskje det er ho som er bak kamera:-) Vakkert Blikkstille fjord og sola held på å bryte gjennom Vert nok ein vakker høstdag Må berre vakne til liv først Nyte kaffikoppen og rikke kroppen inn på riktig spor
Regn ,regn og regn Har ikkje orka lufteturen min idag Gadd ikkje rett og slett
Vore i begravelse Organisten sine vakre tonar ga ei ekstra verdig stemning.Nesten så eg høyrer den endå Ho var altså kjempeflink.Presten og.Begge damer Ga ei sånn fin ramme om dagen Til og med sola kom fram Begravelse er alltid trist spesiellt for dei nærmaste og endå viktigare er det då at dagen blir fin
Huksa no å handle mat til Ingolf på veg heim.Han var begynnt å verte bekymra Har tatt oss ein enkel middag Kjøttpølse Det kan ein ete,sa Ingolf idag Var nesten så eg ikkje trudde mine eigna auge,for normalt er det kun brosme som har vorte ete uten om den kattematen han syns er god
Resten av dagen har vore på sofaen .Sett på Monk idag.Fann han plutseleg på ein kanal. Elsker den typen og måten han løyser krimsaker på.Kos med desse gamle krimheltane:-) Redda kvelden Skal bli ei fin helg lover dei på tv No er det snart Foreder Litt meir restegarn sokker får eg vel og til:-) Og skal ikkje sjå vekk frå at eg klarer gryte i meg ganske så mykje sjokolade Veit det ikkje er bra,men guri så godt:-)
Hatt vond hals nokre dagar og idag så la det til med litt feber Kjennes ut som halsvondten har tenkt å verte ei stund Er vel forkjølelsever sikkert Varmt og vått Går over dette og,men er no tett nok i pappen frå før om ikkje dette skulle tette til endå meir Småsnufs
Har pakka meg inn i pleddet mitt Koser meg med kaffi og ser ut over blikkstill fjord Skyene heng tunge så er vel ikkje så lenge før regnet høljer ned Vegen min forsvann heilt no ei natt.Er jo ikkje snakk om å regne litt
Nermar seg fiberkablane og maskinene er komne nett bortafor meg,så antar dei dukker opp i vegen min om ikkje så lenge Var tenkt ut med bilen,så mulig eg bør flytte den før eg vert innesperra Ikkje for det Dei er raske med å flytte seg Litt usikker kor langt dei grev og kor mykje eg må ta sjølv Legg til tomten er sakt.Så gjenstår å sjå kor dei trur eg eig Redd eg må ta heile vegen frå hovudvegen..Ikkje enkelt å bu grisgrent Ikkje hjelp å spørje dei heller for snakker kun polsk:-)
Glad valget er over på mandag,for kan bli vel mykje valgprat sjølv for meg Viktig å stemme er det uansett.Eg har forhandsstemt. Stemmer ein ikkje så har ein iallefall ikkje noko innverknad Alle stemmer er like viktige
Ha ein super fredag og god helg:-) Ta vare på deg sjølv og dei rundt deg Ikkje bruk energien på å irritere deg over ting du ikkje kan gjere noko med Bruk den på ting som kan endras,deg sjølv og dei som gir deg positiv energi
Når hovudet hamrer av tankar og ord Gjev synet av sjøen som ruller mot steinane meg sjelero Berre gå meg ein tur og nyte stillheita og nærheita til naturen Senke skuldrane og tenke Det går som regel bra
Vore vaken lenge Trøtt er eg,men sove er ikkje så enkelt Nydeleg temperatur ute,og himmelen er reine kunstverket,men masse skyer og sol som prøver trenge gjennom Vakkert,rett og slett
Funne meg kaffi og ser på nyheiter Mange jordsjelv som har tatt livet av kjempemange.Når desse kjem i områder som har lite frå før vert konsekvensane endå større
Vektskåla i årets valg skiftar veldig syns eg Spennande til siste slutt Kan jo håpe på at det får dei fleste ut av godstolen og ta eit standpunkt.Iår har det jo verkeleg ei betydning Planen er å få unna litt praktiske ting idag Sånn sett greit å stå tidleg opp.Ting tek tid her med meg og starten tek krefter og overtalelse Ta turen min først idag kanskje,før regnet høljar ned Får sjå. Hjortejakta er starta opp skjønner eg Berre å ha refleksvesten på når ein går i skog og mark Trur igrunnen eg held meg unna den type aktivitet dei første vekene Slepp å gå i vegen for jegerane og skremme hjorten feil veg:-)
Tidleg oppe og dagen starta fin den Vore på bytur,eller Førde tur Igrunnen endå ikkje heilt skjønnt at Førde er by Men vore på møte i rådhuset,og bilen på service Det siste koster flesk Skulle tru den var gullforgylt Så kjem velikahaldet Må iallefall vente til neste lønning.Men,må jo gjerast om eg har råd eller ikkje Bil er dyrt,men kjem ingenveg uten her i pereferien:-)
Litt småslakk Starten på forkjølelse og håper det stoppar med det Ryggen fekk og sin behandling i Førde Treng vedlikehald eg og:-)Og det gjorde godt kjenner eg Litt må ein jo gjere på når bilen skal til sjekk Og det hølja ned,så turgåing var lite alternativ Litt godt å vere greit tidleg heime og Berre sige ned i sofaen og la humla suse Imorra kan eg heller gjere litt meir..Ikkje i dag.Gidd ikkje rett og slett
Ingolfen er heller ikkje serleg lysten på uteliv når det regnar.Då blir han plutseleg veldig innekatt Er så han lurer på om eg er gal visst eg meiner han treng ein luftetur Kan igrunnen skjønne han Bør få i meg litt middag snart kjenner eg Trur kanskje eg rett og slett skal unne meg ein liten middagslur og