Forkjølelsestid

Toler ikkje sommar i september eg tydelegvis
Ser ut som det blir ein nydeleg dag idag og
Vart vekt av nokre overivrige typar som legg kabler til fiber
No er eg ikkje så veldig imponert over jobben deira,men dei starter kl 07.Ivrige i tjenesta når eg vil ha fred og ro ein mandagsmorning

Litt spent på kva dei jobbar med,for såg ut som dei tenkte grave på feil side
Iallefall så hadde dei ikkje fylgt oppmerkingane til no
Har liksom ikkje lyst dei skal grave opp kloakken min:-)

Har bestillt grus til vegen opp til meg,men venter til denne gjengen er ferdig med å få det grusa

Denne gjengen tarff eg på gårsdagens tur
Gjekk etter meg på tur og retur.Venta nok å få ein godbit og ga tydeleg beskjed om kva dei syns om gnitne gamle damer:-)

Nydeleg måneskinn i gårkveld då eg kom heim
Venta på Ingolf i timesvis
Han var ikkje heime då eg dukka opp i gårkveld,men var opservert tidlegare på dagen langt uti vegen der gamlemor brukar å gå.Var nok på leit han.Omsorgsfull type
Kom att i natt.Utslitt og svolten.Har ikkje tenkt seg ut med det første seier han:-)
Meg kan han jo ikkje stole på

Blir ein nydeleg dag.Heilt stille på fjorden.Skyer på himmelen,men sola gjer sitt beste for å trenge gjennom
Kjenner at eg skal ha ein roleg dag..
Valgdagen
Utfallet er eg spennt på.Iår kan det slå begge vegar,men godt vi er i mål uansett
Blir ofte mykje personangrep og lite politikk på slutten
Ikkje var eg heldig med potetene eg sette heller.Kanskje eg vatna dei forlite
Akk ja
Eg får prøve på nytt att neste år.Litt gulrøtter kom no opp om ikkje anna .Få men eksklusive og litt løk.Men alt for lite etter kva det burde vore
Må nok finne ei anna løysing til våren.
Trøysta var nesten ei korg plommer på viktoriatreet
Ikkje mykje altso,men dog
Her må ein finne lyspunkt i alt
Det andre treet hadde nemleg null og fekk to moreller:-)Utsøkt kvalitet
Grønne fingra har eg ikkje
Ha ein super valgdag og mandag
Her skal eg pusse nasa og syns synd i meg sjølv ei stund til

4 kommentarer

    1. God bedring!!!
      Spennende valg ja. Gleder meg til valgvake.
      Jeg har fått masse tomater! Men innlegget ditt minte meg på at jeg må huske på å ta opp potetene. GGG Plantet (satte) en potet. Det har vært bra vekst på potetgraset, så jeg må huske å ta opp potetene . Kanskje greit å gjøre nå .

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg