Dårleg dag blei kjempefin:-)

Vakna ganske tidleg,grått og vått og gamla kraup nedatt i senga.Tenkte att.Nei,blir nok ingen tur idag.Her kan eg bli
Der vart eg litt vel lenge
Høyrde plutseleg ei stemme
Mamma,er du her
Var redd eg var sjuk:-)
Berre litt slakk i ånd og vilje

Fann meg litt kaffi
Skal vi gå på fjellet kanskje,sa frøkena
Regner det ikkje då..Lov å prøve seg
Altso det er lite,kom det
Gamlemor tok seg ihop ..Tur skal det bli
Den vart tung

Skulle tru eg skulle bestige K2,og det er eit lite fjell altso
Mykje pust og pæs
Har ikkje høgdeskrekk desse karane her.Norske var dei ikkje etter språket å bedømme
Kom opp idag og
Og var eit magisk lys.Kjende berre at ein dårleg dg vart det motsatte
Godt nokon drog meg ut
Tok oss god tid til berre å nyte
Hadde kledd litt for godt på meg.Skulle jo verne meg mot regn og flått
Var varmt,opphald og fekk flått på meg uansett..
Dagen starta overskya og enda opp med nydeleg sol
Borte vekk hos meg,men skin fortsatt flott på den andre sida av fjorden.Ein smule irriterande er det jo
Skulle gjerne hatt den litt lenger
Men misunnelse er ingen god ting det heller:-)
Imorra skal eg ikkje på fjellet

Kanskje eg berre skal finne på noko anna
Eg har jo ferie:-)

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg