Ein må ikkje vere flink

Ein må ikkje vere flink til alt
Treng ikkje nå dei høgaste toppane eller ha dei finaste hagane
Ikkje alle er skapt til å vere ledar eller drive store bedrifter

Sånn er det berre
Det viktigaste er å respektere seg sjølv
Finne kva som gir oss livsglede og meining
Jobbe med det vi likar og trivast med
Ha den hobbyen som gir oss glede
Gå dei turane vi klarer i den farten vi orkar

Akseptere at andre faktisk er flinkare,raskare og smartare enn oss
Men lykke er noko vi skaper sjølv og kjem innenfrå
Ha litt sjølvironi og le litt av eigne tabbar.
Akseptere andre som dei er.Jobbe med sjølvinnsikta vår.
La andre berre drive med sitt:-)

Idag berre skal eg nyte veret
Har ferie,så ingenting hastar
Sit fortsatt i pysjen og koser meg med kaffikoppen
Ein eller anna uteaktivitet bør eg vel finne på idag.
No kjem regnet og rikelig tid til å sløve

Ha ein super dag

5 kommentarer

    1. Det er så sant. Og er det ikke godt å slippe strebing, sier nå jeg. Godt å ikke MÅTTE være like flink og ha de fineste tingene som naboen🤗 Må være slitsomt å hele tiden skulle være best på alt……

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg