Ut på tur ,aldri sur er det noko som heiter
På tur uten retningssans og hjernecella på ferie kan ende så som så
Starta no nokonlunde greit
Er på slike plasser ein skjønner ein går under fjellet
Mista gensaren min ein eller anna plass på vegen
Gadd ikkje snu.
Skulle jo tilbake
Mista stien litt her og der ,men fann den att.
Fantastisk utsikt når ein kom opp litt
Gjekk hit.Vurderte å gå nedatt denne stien og vegen tilbake
Men,så var det denne gensaren då
Starta greit tilbake.Gjekk igrunnen heilt fint til eg var over halvegs
Ikkje veit eg kva for ein ide eg fekk
Gjekk i mine eigne tankar og plutseleg var ikkje stien der.
Eg er jo kommen alt for langt ned,tenkte eg
Og oppover bar det
Gensaren som eg hadde funne att,oppdaga eg at var borte vekk for andre gang
Finn eg aldri att,tenkte eg
har jo mista den langt under stien
Og eg gjekk og gjekk opp og ut.Til til og med eg skjønner at her er det ugler i mosen
Var kommen langt over der eg skulle.Prøvde jo komme meg nedover då
Men der møtte eg jo problem.Sjølv eg går ikkje utfor stup
Så der surra eg rundt då
Intervalltrening
Opp og ned
Tilslutt var eg megasliten
Prøvde å gå lenger bortover med tanke på at eg kunne vel komme ned der,men ga opp
Kjende at no måtte eg snakke med nokon så ringde mellomste
Veit ikkje kor eg er,sa eg
Du er på Risnes sa han..Det visste eg jo.Såg jo rett ned på bygda langt f..nede
Ingen sti der du er så gå tilbake der du kom frå.Han kan få sagt det
Men var jo sant.Her var ingen verandes plass.
Men hadde det vore så enkelt
Men,gjekk langt opp før eg på ny bevega meg i rett retning
Til slutt følgde eg magefølelsen og kava meg nedover der eg trudde det gjekk.Var langt frå utgangspunktet. Kva fann eg..Genseren.
På rett veg i det minste:-)Heilt utruleg , så trur eg fekk hjelp frå oven.Litt til og eg gjekk rett på eit rødt merke
Lenge sidan eg har vorte så glad:-)
Har i det minste fått trimma.Kunne med fordel tatt eitpar stolpar til der eg snudde,gått stien ned ,tatt vegen til utgangspunktet og oppatt og henta gensaren.Hadde gått fortare
Men,ein må ikkje gje opp
Stiv og støl
Fysisk sliten,og det skal jo gjere godt
Om eg skal på stolpejakt meir er meir usikkert
Trur eg skal halde meg til dei små toppane nær meg
Der veit eg no kor stien går:-)
Skal ikkje vere enkelt og for dei fleste så går det heller ikkje an
For meg går det meste an.Retningssans og kartforståing er ikkje mi greie
Bør kanskje halde meg til strikking av restesokkar
Godt det gikk bra – og at du fant igjen genseren.
Ja kunne fort enda med fall utfor den turen her
So irriterande at du måtte streve sånn, men historia di vart god🥰 Bra at du fann alle stolpane, – og genseren! Eg har rota ein del på stolpejakta òg, men det gjeld å ikkje gje seg💪
Lærer så lenge ein lever og eg er sta