Godt jobba

Jammen var det opplett på føremiddagen
Høst i lufta
Ut på tur
Ikkje i marka for skoa er fortsatt våte🥰
Flinke dei som har tatt kantslåtten


Naturen er tilbake til normalen
Regnet er rett rundt hjørnet så freista ikkje med fjelltur
Vått i gras og mark så må ha vanntett bukse og
Lite med breie flotte stiar
Men fredag kanskje
Då skal det først regne på kvelden seier yr
Kven veit

Burde kanskje vaska vindua. Er lat. Men dagen er lang
Må gripe øyeblikka

Berre å skalke lukene


Hadde meg ei lita runde før det braka heilt løst.Såg etter om det var noko som sto litt utsatt til

Henta bossdunken og skalka lukene
For no er det masse ver ute
Innever seier Ingolf,så vi to har funne oss godt tilrette i sofaen
Ser på Landskyttarstevnet i mitt nykjøpte tv:-)
Henta det før idag før vinden tok av
Ferje til Askvoll
Det går radig
Innom Power og apoteket
Var innom klebutikken og men tok til vit
Treng igrunnen ingenting
Tilbaketuren tok litt lenger tid,for då kjørde eg.Stoppa for å handle litt mat på vegen
Ikkje så ofte ferja går og litt greit å komme heim før vinden tok tak
Og regnet
Kjekt å kunne kose seg inne når det er så heftig ute
Har fått hjelp til pålogging på tven .Var neimenn ikkje så enkelt.Litt greit å sette vekk slikt arbeid,så slepp eg å rote det til.
Hadde kanskje klart det,men kven veit…Trur det blir mange innedagar framover:-)
Berre å finne fram at strikketøyet.Og ha ein tv som fungerer
Det er høst:-)

Vått gras og våte sko

Har kjøpt meg nye gorotec joggesko.Tåler vatn og skal impregnerast sa seljaren
Dyre var dei og er gode å gå i
Like vanntette som sandaler
Eller turdagen igår på tørre stiar og vått gras kunne eg vri sokkane
Buksa og for den del,men den er ikkje vanntett:-)


Arefjellet rundt

I tillegg hadde eg meg ein aldri så liten ekstratur nedover.Skjønnte ikkje kvifor det var så bratt før eg skimta hus veldig nær
Feil retning og berre å klatre oppatt..Retningsvill og med lågt blodsukker:-)Sånn går det når ein ikkje ser etter kor ein går men berre følgjer stien
Men fin treningstur for gamla og kolsen
Fekk til å med opp pulsen.Aldri så gale at det ikkje er godt for noko.

Måtte innnom butikken i Leirvik .Blodsukkeret måtte få litt næring
Der var kommen opp nytt på veggen imot sidan eg var der sist:-)
Tok med meg ein stolpe på vegen og

Inatt har det vore vind og regn
Det siste har visst tenkt å vere her nokre veker
Jaja,seier Ingolf.Vi har jo hus
Har vaska joggeskoa og gitt dei ein ny omgang med impregnering
Trur eg må ha eit skopar nummer to
Treng sko som tåler ein tur ut.Tungt å gå tur i støvla
Dei eg hadde før er totalt utslitt
Skal ha meg ein liten luftetur ut idag og
Men kun etter vegen og ikkje langt
Ryggen,,,Tja
Kose meg inne med strikk og bok idag
God tirsdag

God gammaldags utedo:-)

Idag så fann eg ut at har legen sagt eg skal gå,så må eg kanskje lytte til han.Iallefall før det no skal regne i 14 dager

Ut på tur aldri sur

Litt usikker på om denne er for dei som likar å sjå inn i skogen,eller i håp om at nokon skal sage den ned:-)
Var mange slike skogstroll oppover til Panoramaen
Og eg måtte på do
Vurderte å snu,men kom på at der oppe er det jo utedo

Do i sikte
Gløymt var innlogging og stolpejakt

Som seg hør og bør på utedo
Dei kongelege er representert:-)

Fin grillhytte
Og fin utsikt

Mange slike fine pærler i kommunen som har kosta mange dugnadstima for at vi andre kan nyte:-)
Takk til slitarane:-)

Må nok bli restesokka framover

Idag har eg rydda i masse restegarn etter mamma
Samla på alt ho i tilfelle noko trengde repararast eller stoppast
Visste kva ho hadde og
Eg berre ser massevis av smånøste.Noko er kasta og mykje er rydda i og klar til restestrikking,eller mulig det ikkje kan brukast
Men,har no starta på jobben.Er fortsatt meir att,så eg har tenkt å strikke sokkar av restegarn.Små og store striper.varmar likegodt dei

Ute er det stille og opplett no,men var mygg.
Klarde no å karre meg ned med bossdunken
Vi har innekosedag eg og Ingolf Litt plaga av frekke fluger som har inntatt huset
Ingolf har berre flytta seg litt rundt.Har enda attmed matmora
Har funne fram eit av to sokkeprosjekt eg held på med.kan nesten ikkje starte på resteprosjekta før desse er ferdige
Har det med å starte på ting for så å gå lei.Dårleg egenskap igrunnen
Burde nok ha tatt meg ein tur i skog og mark kjenner eg på ryggen.
Den er faktisk bedre når eg gjer det.Fleire dagar uten merkast
Så der har nok legen rett
men idag hadde eg ikkje lyst rett og slett
Kanskje i morra:-)Har strengt tatt ikkje lyst til nokon ting

Søndagsro

Ute er det slutt på godveret og høsten ser ut som den har overtatt
Har krølla meg opp i sofakroken og nyt ein stille og roleg innemorning
Eller er vel formiddag
Burde nok rydde på plass litt av alle tinga som berre blir ståande sånn i tilfelle, når det er godver
Tek det etterkvart


Har gått gjennom nokre gamle bøker
fann Hanna Kvanmo si.Den var god
Var meir spesiell den nye eg las..Var ikkje heilt mi greie,men heilt grei
I det heile er sommaren lesetid for meg

Har litt fleire gamle bøker eg skal gå igjennom .Blandt anna den av Reiulf Steen
Noko må ein gjere på og eg elskar å lese
Gløymer tid og stad

Ferien fyk avgårde litt for fort
Gjer iallefall veldig godt
Tenkte eitpar dager på tur i veka.Litt husforandring
Ferierer igrunnen gjerne heime eg
Håper berre at regnet ikkje varer heile resten av ferien:-)

Ha ein super søndag

Bilbingo i morra

Sitte i bilen med bingoblokka på fanget
Eit år sidan sist
Er ikkje ei som normalt sett går på bingo,men denne var grei
Kjøpe kaffi og lappar i pausa
og berre slappe av
Litt morsomt

Kan vere sosial men slepp å sitte med mange i eit rom

Idag pøser det ned så siste strøket med beis er utsatt
Klør fortsatt på tusen stikk og der det ikkje er stikk..Går nok over ein dag

Planen idag er kun å handle litt mat og ta livet med ro
Usa tollen er tema i nyheitene no.Håper berre ikkje forhandlingane gir oss 20 og ikkje 15 prosent
Veit aldri derigården
Lite eg kan gjere med det uansett
Så her er det rundstykke og kaffi det går i.
Problemet med vellykka bakst er at eg et formykje av den
Karbohydrat til det tyt ut øyra

Men diggar det

Ha ein super fredag og august