Herremin for eit oppstyr

Ingolf her:
Eg er strengt tatt ein smule sur og forbanna
Idag har her vore utedag,må vite,
No er eg ikkje så glad i uteaktiviteter for tid,la det vere sagt
kvifor er ei privatsak.
Men har no prøvd så godt eg kunne å halde gamla med selskap i vedkløyinga.
Syns det vart litt smått med maten,skal eg vere ærlig
Litt bekymra var eg og for dette kvinnemenneske som tok seg heilt ut til langt på kveld
Så eg tenkte eg skulle gjere ho ei tjeneste mens eg allikavel hadde meg ein luftetur

Fanga liksågodt ei stor mus til kvar av oss ,som eg leverte i stova.Kasta den største høgt opp og i retning husfrua..Der tok det av…Var ho takknemlig…aldeles ikkje.Ut på kjøkkenet,fram med eit papir og musa rauk like fort ut døra som ho kom inn..
Men då hadde ikkje ho oppdaga den eg hadde til meg…Slengde den litt rundt og eg…
Steikje kor mykje lyd det er i kvinnemenneske…Rauk ut den og..Men då gjekk eg etter ..Hallo..
Her fanger eg den lekre middagen til oss og så blir den slengd ut dørene…Det går då ei grense-
Snakk om matsvinn…
Men no er eg inne.Mørkt ute,og ein smule skummelt…

1 kommentar

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg