Skummel men fasinerande. Hata og elska..Men dei er komne for å bli
Herleg å rusle på grusvegane derute.Tok heile runden gjennom parken og rundt til industriområdet,som desverre ligg der heilt tomt for aktivitet
Nydelig natur og flott å gå på Fantastisk dag,og kjekt selskap.Akkuratt passe turver:-) Aldri gått tur derute før,og hadde det ikkje vore for vegane så hadde eg nok heller ikkje gått. Trefte orm,noko som ikkje er så kjekt,men han stakk:-) Skjønner dei som bur nær og som får lyden og lyset a vindmøllene føler at dette er belastande. Var igrunnen mindre enn eg trudde,sjølv om rotorblada kunne virke som dei ville kakke oss i hovudet til tider:-) No skin sola som aldri før,men litt seint:-)Hatt ein flott fridag.. Starta med tur til Dale..Ein tur på sportsbutikken. Var innom matvarebutikken… Vart igrunnen berre stånde å sjå. Såg ut som vi hadde matmandel i Norge..Tomme hyller overalt.. Kom nok påfyll utover dagen:-) Vi har nok vore veldig svoltne i påska:-)
Overskya Og eg har fri… Selvfølgeleg. Men,er vel meininga eg skal gjere litt inne,sånn på føremiddagen.
Fint turver,så idag er planen å gå tur på Lutelandet. Vi får sjå.. Blomstene mine treng visst vatn og. Frøa eg sådde har omtrent krepert av dehydrering.. Skal ikkje vere enkelt. Må få bestillt nye sommerdekk idag. Det gjer eg som punkt 1.. Ellers er det gløymt. Hjernecella slit til tider..
Påska er over. Til og med Ingolf er sliten på morningen. Ha ein super dag
Sjølv om eg har hatt jobbepåske ,så har eg hatt følelsen av smaken av fri. Nydelig ver og sol gir energi. Kondisen er elendig,men kom meg på fjellet idag og før jobb. Nydelig temperatur.
Rakk både tur og kaffikos på altanen.Det både før og etterpå Utruleg kva ein rekk når ein berre kjem seg opp av senga..for ikkje å snakke om sofaen. Sola gir meg energi. Koselig jobbehelg. Kva meir kan ein ynskje seg
Krigen i Ukraina fortset med si grusomheit. Kontrastane til vår påske er store. Verden er ulik. Vi har sultkatastrofer og nød. Fedme og overvekt grunna det motsatte..
Sånn er verden.Rettferdig er den ikkje Vi er heldige som bur i eit Iland.
No har gamla vore på rek i dagesvis.. For ikkje å sei til laaaangt på natt.. Så igår tenkte eg at her var det berre å hive seg på helane å fylgje etter..
Var mykje spennande der og tyttene for på fjellet.. Eg hadde bedre ting å ta meg til. Var ei farting av gamla att og fram. På eit eller anna tidspunkt hadde eg mista oversikta.. Trudde bestemt at ho fortsatt var hos naboen. Så når systra trengde så volsomt til følgje bortatt på hytta så vart eg jo motstridig med til krysset…
Då ho var av syne sjekka eg om litt heime.. Null bil.. Eg innatt til mora.. Der vart eg ventande..og ventande..
Spør meg ikkje om korleis,men plutseleg var eg innesperra i skykkja,eller uthuset.. Held aldeles på å svelte ihel… Hadde jo håpa på at dette forvirra vesenet hadde leita i mørkna.. Neidå.. Først kl 09 høyrde eg …Innnngggoooooolf.. Eg svarde jo selvfølgeleg,men høyrer tungt gjer det jo.. Omsider tok ho kroken av døra..
Det einaste ho ville vite var korleis eg var kommen meg inn og kvifor eg ikkje kom heimatt… Herremin..Litt privatliv må ein då ha.. Har lagt meg på lading
Dagen derpå. Pinnstiv i kroppen og snufsete.. Tek på å vere uttrena Men går seg nok til. Forkjøla..Det er vår.
Sola skin og dagen blir nok nydelig.
Ingolf kom ikkje heim igår så er bekymra. Sist sett hos naboen. Må snart på tur for å leite Mykje trafikk og lett for å verte overkøyrt. Bles ute,så litt småkaldt.
Det er nesten magisk å sjå på den vakre kveldshimmelen. Kjenne kulden bite i kinna Sjå månen dukke opp bak tretoppane som ein gul ost. Nermast føle heksene danse Berre nyte det å vere. Kvalitetstid
Ut på tur aldri sur. Gamla og veslesysta. Det er liksom ein i kvar ende av skalaen. Der forsvann ho av syne. Tungt men godt å slite seg oppover på toppen fann eg at veslesysta. Ho var sprekare enn ho trudde. Desverre ikkje den opplevelsen her.. Men veldig fin tur. Det bles godt. Sånn vind som går gjennom marg og bein.
Stappfullt grendahus. Kjekt når folk i alle aldra samlast til guiz på ein fredag Så får det heller våge seg at hjernecella har ferie. Berre opplevelsen var verdt det og viktig å støtte opp om grendalaget.. Fullt opp av påskegjester og hyttegjesterfolk. Pluss litt av oss andre🎈 Men tek på å vere helt døgnet rundt altso No prøver eg febrilsk å få kroppen igang til jobbmodus..
Kaldt ute.. Bilrutene er dekka av is.. På dagen er 12 pluss.. Ikkje rart nasa renn medisin
Her ligg vi og nyt påskefridagen. Frys og er nok litt trøtt. 40års feiring varer nokre timar. Litt skyer og vind ute idag,så den tiltenkte lesinga i solveggen utgår. Valgt å berre rusle eintur og ta starten av dagen med ro.
Kjekt å samlast etter gammalt. Ikkje vand med det Treng sosial trening🎈
Men fortsatt sakner påskeharen kompisen sin som var borte vekk igår. La ut slike påskeharer med snop,men den eine er borte vekk.. Påskemysteriet.. Kor er påskeharen.. Bortført?