Vinnerlykke❤

Sjelden eg vinn og gleden er desto større.
Vann i påskekonkurransen til Retro reinhald..
Heldige meg.
ingolf var ikkje like begeistra.
Alt som ikkje er mat er berre husefyll..
Har ramla ihop i sofaen.
Planen er å fylle ei bløtkake og vaske håret…
Blir sliten ved tanken…Same vert ingolf..
Han treng nærheit og varme

Når hjernecella har tatt ferie

Du veit du slit når du har stekt og kasta 4 potetmjølsvafler før du skjønner at grunnen til at dei kun steiker på ei side er at vaffelhjernet har tatt kvelden

Så var det inn til naboen og låne eit nytt..
Ett eller anna er ikkje heilt rett med desse vaflane..Kva er eg usikkjer på.Mulig eg vispa sukker og eggeplommer forlite…
Jaja.No er dei no stekte og eg baker iallefall ikkje nye ikveld.
Ingolf er fortsatt på vift etter at vi hadde eit aldri så lite samanstøyt.
Jakter sin eigen mat…
No får eg ikkje håpe han er så langt vekke.Fekk no mat til slutt:-)

Ikkje heilt iform merker eg.
Kanskje eg burde tatt ein coronatest:-)
Tidlegvakt imorra,så bør nok snart legge meg,men håpa på at rømlingen kom heim først:-)

Skulle vore på tuppewareparty ikveld,men var heilt vekke frå mitt hovud.Kom på det midt i vaffelsteikinga…A ja..Men ringde no,så får det eg hadde planlagt..Dvs.Må nok kjøpe:-)

Ingolf har dukka opp og gamla trur ho slenger seg i senga…Sikkert tryggast…

Vurderer påskeferie…

Det har klikka for gamla..
Eg er sikker.

Skal bli ei påske.
Her går eg heime å venter heile dagen..
Ihelsvolten.
Glad og lykkeleg for at dette vesenet endeleg dukker opp ,forventer eg maten servert faderleg fort..
Må innrømme at eg kan vere i overkant pågåande,men hærligheit ..
Middag er middag og ikkje tørrfor…mi meining.
Og berre få littegrann middag på eit fat held vel ikkje…
Protesten idag enda med skrik og skrål og tørrfor som fauk veggimellom..
Der gjekk grensa..Ho treng hjelp
Eg gjekk ut på jakt..
Ka gjer de meg..
Mulig ho og var svolten,kva veit eg? ,men vurderer ferie..
Syns det her verkar ein smule uttrykt..
Helsing Ingolf…

Kven blir ny minister?

Ja det lurer igrunnen eg på.
Håper på nokon som har tenkt å bli ei stund
Blir litt masete med ministera som kjem og går av ulike årsaker.
I ein slik post,så grev journalistane i liva og då er det greit å ha lagt alle kort på bordet før ein tiltrer.”

Glad eg er ein vanleg borgar eg.
Det å vere i offentlegheia er ingen søk for nokon.Kan jo knapt gå på do ifred

Men svaret på ministeren kjem nok snart.Treng nokon solide no i desse urolege tider.
Krigen er kommen nær oss

Her er det stille og roleg.
Har meldt meg på Dytt.no og sykle til jobben.
No er eg ganske flink til å gå tur ,men treng litt press for å få denne kroppen meir i bevegelse
Er litt for glad i sofaen:-)

Mulig det er årstida,eller snøen som idag og har strødd litt pudder .Vinden er no heldigvis vekke.
Jobb idag.Litt rart etter noke veker heime,merkar eg.Gruer meg nesten.
Liker jobben,så ikkje misforstå,men det skjer jo litt på nokre veker:-)
Men først må eg våkne litt og drikke litt meir kaffi.

Ha ein strålande mandagsmorning:-)

Camp culinares og sofa

Frys,så har krølla meg opp i sofaen

Søndagane gir reprise på diverse underhaldningsprogram.
Litt greit å sleppe å tenke.
Hadde planer om å reise å kjøpe rododendronjord idag,men får ta det ein annan dag.
Sjølv eg skjønner mine tre små planter treng litt ny mold og næring
Skulle jo hatt tak i den gode hagespaden og.
Rekk det no endå.
Sommardekk på bilen må eg og ha..
Det blir dyrare….
Men,må ha det..
Jaja..
Må spare på matbudsjettet…og eg har ikkje vondt av litt mindre posjoner.
Dyrt med bil,men her er ikkje anna alternativ.
Må prøve hukse ringe å bestille imorra.
Finne ut størrelsen først.
Men no gidd eg ikkje bevege meg.

Nyte siste fridagen.
Kan jo vere eg får lyst å jobbe i hagen etter påske..
Berre vi får sol og litt varme så kjem det seg

Gjesp

Treng ikkje solbriller idag ,akkuratt.
Her er det fundering og oppvakning på morgonkvisten.
Fyrt i ovnen,for syns det er surt,rett og slett.
På nyheitene får vi krigen l Ukraina tett på oss gjennom tvruta.
Stadig nye byer vert angrepne.

Her går det i stadig nye opplysningar om ministerane sine liv.
Plettfri vandel er ikkje berre enkelt,ser det ut som.
Her gjeld det å ikkje ha noko grums i lasta.
Alt må på bordet.
Ser det er flott påskestemning i øst.
Her er det meldt litt sol på torsdag.
Har jobbepåske så heilt greit for meg.
Men torsdag har eg fri🥳

Trur rett og slett eg tek ein kosemeginnedag.
I morgon er det jobb.
Litt godt å komme igang att,kjenner eg.
Vert asosial av heile ryggproblema.

Ha ein fin søndag

Sofatid

idag er det slikt ver ute at både Ingolf og eg syns det er deilig på sofaen.
Igår var det dagstur til Bergen i bisettelse.
Er slike dagar ein er takksam for fin familie og ein ser at alt har ein ende.
Trist men fint på same tid.


Lang dag og glad eldstemann køyrde rundt på mor og bestemor.
Tek nokre timar med køyring.


Litt mat må ein ha,og når det er langt å gå må ein vere kreativ.
Barnebarnet fikser ..

Godt å vere inne i snø og vind.
Nyte kvelden.
Litt påskepynt har eg no fått opp.
Småkoselig.

Ikkje så mange omganger igjenn no.
Passer godt no i snøveret.
April.

Krigen i ukraina berre fortsett.
Meiningsløst.
I politikken er det den eine skandala etter den andre..
Må då vere nokon som kan ta ein ministerstilling som ikkje har ein eller fleire riper i lakken..
Eg berre lure..

God lørdagskveld

Is på fjorden

Vakkert ute,men kaldt

Lite søvn på meg inatt..
Musklaturen min skrik etter varme..
Når det første ein gjer er å smørje muskelknuter med voltaren,så tenkjer eg på jobb😉
Blir ikkje yngre,kjenner eg.
Men blir bedre med litt varme..

Jaja..voltarensalve og parcet held meg no gåande ..

Måtte berre gremje meg litt..går seg til og er heilt normalt

Sola stig no på himmelen og gjer sitt beste for å muntre opp morgengretne halvgamle damer..

Men det er april og eg bur i Norge.
Sola skin.
Her er fred og ro.
Det einaste vi no krangler om er lønnsoppgjeret.
Vi er lei av at alt er vorte så dyrt..
Men det har komme snikande og låg i korta.
Vi har nok hatt det litt for bra..
Men dyrt er det..
Og mange slit.
Trass det så har vi det no bra..

Krigen fortsett og spenninga stig.

Og er ikkje berre der det er krig og elendigheit.

Her sit eg trygt inntulla i pleddet mitt og drikk kaffi.
Planen idag er kun å ta ein sjekk på om påskeharen har styr på påskegga..
Kan ikkje stole blindt på han..
Får sjekke kor egga er og kanskje..
Er mulig han treng hjelp.
Kanskje eg bør starte med det.

På jobb mandag og godt er det.
Er iallefall godt å ha ein plan.

Ha ein super dag❤

Vår🥳


Hatt meg nokre timar ute på ettermiddagen.

Denne er grei til små kvister,men det tek tid.
Litt greit å få vekk litt kvist.
Berre viktig med gode lange kaffipauser.
Naboen kom frå butikken med winerbrød.
Kos😉
Om eg ikkje får gjordt så mykje i slengen,så gjer lufta godt.

sjefen var selvfølgeleg med.

Litt godt å kjenne at kroppen begynner å finne tilbake til normalen.
Tenkte igrunnen å gå tur,men vart dusj og sofa..
Trur det var lurt.
Men,sola skin og det er nydelig ute


Påska nermer seg med stormskritt.
Kom på at eg nok kanskje må prøve ordne litt.
Vaske vindua,kanskje
Kaldt på morningen,men ser sola..

Er redd krigen blir farligare og verre.
Mannen har ingenting å misse og det å tape ansikt er uaktuellt..

Håper eg tek feil.
Syns generellt det er mykje vold i samfunnet.

Vi trener forlite styrke..
Det bør eg absolutt.
Her er litt langt å reise å trene syns eg,men kan jo trene heime…
Er det å komme igang.
Som Ingolf seier..
Det meste heng..

Går no tur🐣
Men først litt kaffi

Måsen har fest utafor glasa.og eg må få start på kroppen..Det tek tid