Litt av ei natt

Ingolfen her…

No har gamla vore på rek i dagesvis..
For ikkje å sei til laaaangt på natt..
Så igår tenkte eg at her var det berre å hive seg på helane å fylgje etter..

Var mykje spennande der og tyttene for på fjellet..
Eg hadde bedre ting å ta meg til.
Var ei farting av gamla att og fram.
På eit eller anna tidspunkt hadde eg mista oversikta..
Trudde bestemt at ho fortsatt var hos naboen.
Så når systra trengde så volsomt til følgje bortatt på hytta så vart eg jo motstridig med til krysset…

Då ho var av syne sjekka eg om litt heime..
Null bil..
Eg innatt til mora..
Der vart eg ventande..og ventande..

Spør meg ikkje om korleis,men plutseleg var eg innesperra i skykkja,eller uthuset..
Held aldeles på å svelte ihel…
Hadde jo håpa på at dette forvirra vesenet hadde leita i mørkna..
Neidå..
Først kl 09 høyrde eg …Innnngggoooooolf..
Eg svarde jo selvfølgeleg,men høyrer tungt gjer det jo..
Omsider tok ho kroken av døra..

Det einaste ho ville vite var korleis eg var kommen meg inn og kvifor eg ikkje kom heimatt…
Herremin..Litt privatliv må ein då ha..

Har lagt meg på lading

4 kommentarer

Siste innlegg