Tid for ved

Litt småkaldt
Overskya og litt regn i lufta,men høsttemperaturen er ikkje den store
Trur det er tid for å hente litt ved
Få litt fyr i ovnen og ei lun og god stove
God morgen Norge på tv
Litt mjuk start på dagen
Nyheiter og kaffi

Spennande kven som til slutt går seirande ut av valget i nabolandet
Der var det tett

Funne fram strikk og bok
Trur det skal bli aktiviteten til gamla idag
Anstrengane nok å forstå mønsteret på genserarmen:-)

Ha ein super dag

God morgen🥳

I dag skulle eg igrunnen mykje
Men,her sit eg
Seint oppe
Slakk i toppen og ånda
Orker null
Drikk kaffi og tenkjer att:
Det er heilt greit

Så i dag skal eg stort sett halde meg under pleddet
Lese litt Staalesen
Lade batteria
Imorra kjem ein ny dag

Tilbake til normalen

Idag er vi tilbake til eit normalt Norge etter landesorga
Begravelsen til Kong Harald var rørande og gjekk uten noko problem
Nyekongen kjem nok til å gjere ein god jobb

No kan vi igjenn høyre på ueinigheit i politikken
Må vi fortsatt betale desse høge disel og bensinprisane
Vi som ikkje har noko val
Er ikkje så dyrt ,seier nokon

Har hatt ei veke der eg både har baka og laga middag som smaka
Litt godt å vere pensjonist og
Ikkje jobbe så mykje,og få litt meir overskudd

Tok opp litt poteter
Når det er sagt,så vart det betydeleg meir myggstikk enn poteter
Men smaker godt.Det skal dei ha.Potetene altso
Alergitablett måtte til for å dempe myggstikka
Held på å klikke
Grått ute
Eg skal på jobb,så heilt greit
Litt ekstra i tillegg til pensjonen er og greit:-)
Kjekt å treffe kollegaer og
Blir endå særare av kun trakke rundt åleine

Ha ein super torsdag

På vent

Heile Norge står liksom på vent
Vi venter på begravelsen til Kong Harald
Igrunnen glad eg ikkje bur i hovudstaden,men kan sjå det på tv
Mykje sikkerheit ein slik dag

På torsdag startar alle politiske diskusjonar oppatt
Vi går tilbake til kvardagen og med vår nye konge
Trur han kjem til å gjere ein god jobb
Alle familiar har sine utfordringar
Slepp ikkje unna sjølv om ein er kongeleg

Ute rett og slett er det eit drittver
Like greit eg skal vere på møte,så slepp eg tenkje på alt eg kunne ha gjordt
I det minste fått litt frisk luft’
Satser på det er bedre i ettermiddag

Ha ein super dag

Eigenpleie

Godt med frisør som i tillegg har massasjestol på siderommet
Gjorde godt med EiT kvarter i den
I dag har det skikkeleg regnvær,men mildt
Eg har inntatt sofastilling. Dvs Rett ut
Har selskap

Åt formykje til middag
Glad i stekte fiskekaker frå Manger

I morra er det møtedag så må vere opplagt🤣
Får liksom ikkje lyst å gjere noko i dette veret
Men det går nok over

Kor er regncapen?

Borte vekk
Har nok gløymt den att ein plass
Typisk meg
Kor?
Kan vere alt frå i Førde til kor som helst
Heilt vanleg svart,men irriterande er det uansett
Er slik når eg tek med ting for sikkerhetskuld og så blir det fint ver
Jaja
Sånn er det når eg ikkje passer på

Overskya men fint haustver
Sola dukker opp innimellom
Planen i dag er å rydde i klesskapet
Det driv og krymper kleda mine
Ikkje heilt å stole på
Ha ein super lørdag

Morgenstund har gull i munn

Kaffi
Fjellhytta på reprise
Snart frukost
Plutseleg aleine etter at Oslo systa køyrde av gårde
Er nokre timar i bil til Oslo

Sola ser ut som den har tenkt å vinne over regnet idag
Får håpe den lukkast
Igår regna det trollkjerringa

Ostesmørbrød til frukost er vel ikkje heilt innafor
Men ,godt er det

Funne fram att genserprosjektet mitt
Starta på siste armen
No gjenstår det store spørsmålet om eg orkar gjere den ferdig:-)
Men,hausten er her og tid for meir inneaktivitetar om kvelden
Men verre med uthaldenheita mi

Plan idag?
Komme meg litt ut i frisk luft
Men ikkje endå

Plask ,plask

Regnet høljer ned att
Skikkeleg høstver ute
September er starta og høsten er her og på kallendaren
Litt godt å sitte inne med kaffikoppen
Sjå på God morgen Norge og berre slappe av

Ingolf ligg så lang han er på sofaen
Går ikkje ut i drittver han heller
Lånte meg bøker av onkel igår så trur kanskje eg berre skal ta ein lesedag
Er det gode med slike dager.Kan nytte dei til inneaktivitetar eller berre slappe av
Norge står litt stille desse dagane i landesorga
Iallefall det offentlege
Trur kong Håkon kjem til å gjere ein god jobb

Ha ein super dag

Ut på tur

Kosetur med systa
Fire ferjer i drift Lavik Oppedal
Fjord1 har overtatt sambandet
Kven som har sambandet betyr ikkje noko for meg
Til ytre Oppedal på familiebesøk er kos
Er mett endå
Stolpejakt i Lavik mens bilen lada


Er det som er fint med stolpejakt
Eg får gå der eg ellers ikkje hadde gått eller visste det var sti
Har gått lite i år
Liker ikkje når det blir for vått,langt eller bratt🥹

Fin dag går mot slutten
Rakk ein visitt etter stolpejakta og når eg først var igang

Skal bli godt å sove lenge i morra
Ikkje så verst å vere pensjonist

Snart september

Haust om vi vil eller ei
Sola prøver vinne over skyene på morgonkvisten
Ingolf kjem tuslende etter trimturen
At det å forlange å komme ut fem om morningen ikkje er heilt innafor. Det bryr han seg lite om
Det at matmora ikkje fekk sove etterpå det er ikkje hans problem

Tett i nasa så høstforkjølelsen er på veg
Konfirmasjon igår
At
Plutseleg er barnebarna store
Tida fyk
I dag er det møte
Travelt å vere pensjonist🎶
Men først litt meir kaffi

Ny konge har vi fått
Trur han kjem til å gjere ein god jobb
Kong Harald var unik
Men,ingen er like

Ha ein super dag