Sto opp med feil fot

Idag er ein slik dag eg berre hadde lyst å dra dyna godt over hovudet og sove vidare
Late som dagen ikkje er her
Drittver ute og kroppen krangler

Etteretningstjenesta har lagra ulovleg data
Ikkje enkelt å halde styr på kva slike hemmelege tjenester igrunnen driv med

Er meir og meir svindel på nett og telefon
Blir redd å svare på meldingar til slutt
veit jo aldri om dei er ekte eller falske

Håper det letter litt
Er vel meldt kaldt og frost
Kanskje derfor kropen min krangler idag
Heilt greit sidan eg har ferie

Vart litt lei av å strikke restesokker,så kjøpte meg litt anna tråd
Striper i den og 🙂
Slepp no feste så mange endar i det minste
Men er grei syssel saman med lesing på slike dagar

Smugling av laks er på tapetet.Skada sådan til feil pris
Ikkje god reklame for laksenæringa
Laksen er nok like god,men har skada
Vil alltid finnast dei som tjener penger på slike ting.Sikkert vanskeleg å få bukt med

Men,er heldigvis ikkje mi oppgave å løyse det problemet

Ha ein super onsdag

Henta gevinstar

To til og med
Vann på lotteriet til sjukeheimen
Supert
Gavekort på hotellet
Og løper
spørs om eg har brukt opp vinnerlykke for mange år framover

Tek lodd overalt eg så går nok kraftig i minus
Men syns det er greit å støtte lag og organisasjonar

Vurderer å rydde å vaske i kjøkkenskapet
Litt bør eg nok gjere i dag og

Ha ein super tirsdag

Det suser i sivet

Fekk meg til å tenkje på Paddington
Vore på tur i vindparken
Kan meine kVA ein vill om vindmøller, men er vorten ein flott plass å jogge eller gå tur
Dattera jogga
Eg gjekk
Vart litt lenger tur på henne for å sei det slik

i dag gjekk dei alle. Er ikkje så mange
Å gå under ga meg følelsen av kraftig brottsjø som kom mot meg
Nydeleg natur som uten vindmøller ikkje hadde vore så lett å komme til landevegen
I dag var det duskregn så vi droppa kaffipause
Fått rydda frysen
Veit i alle fall kVA eg har nok av
Fårikålmiddagen vart berre lekker
Ferie skal vere litt kos
Ser tv
Solbakken dunker voldsomt i bordet med venstrehånda
Sikkert ikkje greit å stå fram når ein av spelarane har gjort noko gale

Syns synd i han der han står

Ha ei super veke

Ferieplaner:-)

Heimeferie gjer godt det og
Planen for ferien
Å rydde i frysen
Gjer det igrunnen ofte,men no var der kaos der som i resten av huset
Ryddig har eg aldri vore
Eg får vere som eg er
Burde nok rydde litt og sikkert

Men frysen skal eg no klare å ta meg av
Fort gjordt når eg berre får motoren igang

Og so skal eg ta meg ein regnverstur

Ha ein super mandag

Skal ikkje vere enkelt

Retningsvill og dårleg på kart
Det er meg
Det å halde seg på smale og litt utydelige stiar er ikkje mi greie
Men ting tek berre lenger tid


Litt regn men mildt
Fint turver igrunnen
Merkeleg
Men då eg gjekk stolpejakta fann eg desse stolpene uten problem
I dag sleit eg meir.Problemet var dei to inni skogent
Men. Fann dei


Er noko fint med å surre rundt i stillheita
Riste laus nokre stolpar
Gli på glatt underlag og sette foten langt ned i eit hol i myra
Kjenne på gleden når stolpen dukker opp

Gjorde godt med frisk luft
Åt formykje til middag.Det var bakdelen
No er det sofasøndag resten
Kan ikkje slite meg ut

Dikt om slikt


Har vunne ein løpar i Havneparkens lotteri
Dette fekk jammenmeg gamla blid

Lodd tek eg hos alle som dukkar opp på min veg
Går salig i minus Ikkje noko som lønner seg
Men viktig å bidra. Frivilligheita treng peng
Viktig å støtte ein arbeidsom gjeng

I dag har eg berre sløva meg fram
Rusla ein tur og plaska i ein dam
Kjenner at roa den gjer godt for min kropp
Berre drikke kaffi frå ein kjempestor kopp

Laga meg pannekaker som eg har ete opp
Er liksom så vanskelig å sette ein stopp
Var ganske gode det må eg sei
Men med denne matlysta vert eg ganske brei

Eg og Ingolf har sofadag i lag
Litt godt å ha tid til å kose oss ein dag
Vurderer å gå meg ein liten tur
Men lander nok på at eg tek meg ein lur

Ferie

Her ligg eg som eit slakt
Sovna etter tur og middag
Sliten og skal verte godt med ei veke ferie


Nydelig kveldstur før middag
Mildt og fint
Våkna akkurat til foreder på tv
Ha ei super helg

Stabilt drittver

Regner ute og mildt
Igrunnen glad eg slepp snø og is,men blir litt deppa av stadig gråver
Litt bedre innimellom og så tilbake til start

Vurderer tur ut,men er forkjøla,så mulig det ikkje er så god ide
Er det Trump som kan bestemme om dei nye tollreglane skal innførast?
Blir spennande å sjå om han får støtte av høgsterett
Han gjer jo det han vil

Musår her med oss
Mus overalt
Dei innvaderer hus og ødelegg
Kjem seg jo inn der ein minst venter
Ekkelt

Renta vert like høg som før
Budsjetta til meiningmann og kommunar er stramme
Renta er oftast den største belastninga for sistnemde
Der er ofte store lånopptak

Ellers er det basartid
Kvar helg
Julemesser og julegrantenning står for døra
Skal ikkje vere enkelt dette her
Men koseleg tid
Har ikkje tenkt verken på gaver eller jul
Kjem nok uansett den
Må berre få litt mat ihus
Gaver og,men er ikkje så mange og bør få inn ønska først
Men har no endå litt tid att

Kanskje eg skal røyse meg opp av sofaen

Ha ein fin dag

Ikkje berre berre

Bestilte meg vintersko på nett. Vanntette
Fekk mail om at eg truleg kom til å få noko som ikkje tilhørte meg i min pakke. Vennligst send i retur
Tenkte at mulig det kom EiT ekstra skopar
I dag kom pakken

7par men ikkje mine
Så skal altså retunerast
Fine sko men treng ikkje så mange like
Alle kan gjere feil
Heretter gjer eg som eg brukar
Kjøper i butikk🎶

stolpejakta er over for i år

Iallefall her i kommunen vår
Igår var det koselig oppsummeringsmøte
Kva var bra og kva gjekk litt feil

Fantastiske Julie i frivilligheitssentralen losa oss trykt iveg og passa på at vi fekk i oss mat
Flotte smørbrød.Fiksa sjølv den dama

Blir til neste år og.Litt mindre stolpar kanskje ,men i alle grender
Må først få samla inn dei frå iår
Nokon har alt fått det til
Imponert over frivilligheita

Koster litt og dette,så ein må få inn peng til kostnadane.Avgifter må betalast Godt vi har Julie til hjelp
Dugnadsinnsatsen er alfa og omega
Så er det berre å vente på kor neste års stolpar dukker opp
Kva for fine turar vi får til
Men er jo avhengig av snille grunneigarar som gir oss lov
Uten dei stopper det opp

Ute er det rett og slett drittver
Eg er forkjøla med lang dag foran meg
Først formanskapsmøte og så seinvakt
Berre å ta seg sammen og smile pent:-)