Titt tei

Vinteren kikkar fram og minner oss på at
Naturen den er litt lunefull


Nesten så eg er glad eg ikkje klarer stort
Men berre nesten for ryggsmerter er ikkje noko å ha

Håper sola reiser med snøen kjapt no når alle stort sett har sommardekk

Her er morgonens høgdepunkt å skifte frå seng til sofa
Snart kaffi❤️
God morgen Norge
15 år sida utøya
Rasisme
Krig og hungersnød
Mange ting å reflektere over her eg ligg

Ha ein super dag

Mysterium

Oppdaga sånn tilfeldig at heile taket på bilen min er oppskrapa
Skjønner ikkje heilt korleis og heller ikkje kortid
Liksom ikkje kvar dag eg ser etter,men trur ikkje det har vore så veldig lenge
Surt er det uansett
Trist

Men lite eg får gjort med det

Ligg no her på sofaen
Sitte er fortsatt ikkje så lurt
Går seg vel til
Ser på sommerhytta
Artig
Morsomt å følge ulike personligheiter og så finne ut kven ein heier mest på
Ute har det vorte kaldt
Snøa litt i dag og Lifjellet er heilt kvitt att
Forsvinn nok fort når vårvarmen dukker oppatt
Men no har den pause
Sånn sett greit å ha sofatid

Ting tek tid


No er tolmodigheit ikkje min styrke,men må nok berre ta verda med ro litt til
Håpe at ryggen snart kjem på bedre tanka
Gode tips vert tekne imot med takk

Sidan eg ikkje orkar sitte er behandling ikkje noko alternativ
Men smurt med voltaren og håper det glir over
Kaldt og surt ute
Så sånn sett heldig med veret
Tur dropper eg i dag
Bok og tv får greie seg
Ingolf har ingen medfølelse
Viktigast er mat og den bør komme presis
Og hyppige inn og ut turar
Gamle damer som sutrer er han lite opptatt av🥲

No trudde eg at folk flest visste at å snakke med pressa når ein hadde litt mykje innabords ikkje er så lurt
Då blir ein ofte litt meir ukritisk til kVA som kjem ut
Filteret er liksom ikkje der
Hjelp lite å sei i etterkant at ein ikkje meiner det
Når politikarane gjer det får det konsekvensar som er litt større

Ikkje enkelt å vere menneske

Ha ein super dag

Vrangsiden ut

Litt sånn dag som bør fortast mulig gå i gløymeboka
Ryggen har skikkeleg slått seg på tverke
Noko sitting vil han ikkje ha noko av
Det har vore fasit ifleire dagar
Nei her skal ein gå i vinkel eller ligge med pute under knea
Prøvde henge etter hendene i dørkarmen
Strekke ut
Ikkje det smarteste kjendis det ut som
Best å gi seg mens leiken var god

Så neste råd
Ut på tur

Har prøvd gå på veg og i ulendt terreng
Fann ut det var best i nærmiljøet og ikkje så langt i tilfelle ryggen fekk nye innfall og eg måtte berast heim
Nokon lettvekter er eg ikkje

Tok evigheter
Om det hjalp
Det ser eg i morra tidleg

Håper det fikser seg like fort som det kom

No er det sofa og tv🎶

Lørdagsmorning

Sit her og krøller tærne ned i teppet
Drikk kaffikppen og ser på God morgen Norge
Ute er skodda endå den som dominerar
Trolsk stemning
Ryggen har slått seg totalt vrang dei siste dagane
Idag har den visst gått fullstendig i streikemodus eller vranglås:-)
Er jo den tida no
Kva eg skal lokke med for at den skal fungere att lurer eg på
Virkar ikkje som den er åpen for forhandling,så her vert det nok ei veldig roleg helg

Har no fått strikka ferdig gensaren
Kan brukast
Må berre felle trådar

Verden og krigane blir ikkje noko bedre
Skremmande
Våpenkvile stoppar ikkje krig

Må prøve å strekke og tøye ryggen litt
No er den vel vrien syns eg
Tusle litt rundt og gjere litt småplukk inne

Ha ein super dag

Sola vinn

Sola vann over skodda i dag og
Frå å ikkje ha sett Anna enn ein grå vegg lysna det opp

Som livet ellers
Gjeld å sjå etter dei lyse øyeblikka når det er som tristast
Ha ein super dag

Vår

Sola skin
Fuglane syng
Grønn bjørk og vårblomster
Litt kaldt i vinden men er april


Korte tura i naturen
Berre nyte godværet
Malt strøk 2 på foten på flaggstanga
Håp om å få stanga på plass til 27 mai
Men får sjå
Vorten god som ny men er svintung
Må mange sterke for å få den opp

Ha ein super dag

Gamla og kaffikoppen

Ingenting sler ein god kopp kaffi når eg sliten og trøtt prøver starte dagen
Kjennes ikkje akkuratt frisk og opplagd ut
Godt med ein fridag
Sola skin til og med,men noko varme er det ikkje
Må prøve komme meg ut i frisk luft i løpet av dagen
Hjelper kanskje på
Har no fått armane og bolen inn på same pinnen på gensaren og starta felling
Kanskje det er håp om at eg får denne ferdig
Behageleg tråd å strikke med og går ganske fort på pinne fem

Veit eg burde gjordt noko i hagen men har ikkje lyst rett og slett
Kortid den lysta eventuellt dukkar opp det veit ikkje eg
Truleg aldri
Beundrer dei med dei genene

Snart mai
Tida fyk avgårde og før vi veit ordet av det er sommaren forbi
Ha ein super dag:-)
Eg må først prøve komme meg ut av pysjen:-)

God morgen

Ser ut glaset og ser sola:-)
Blir nok litt av den idag viss vi er heldig
Godveret er vel mest østafor

Tidleg vaken og fått i meg eitpar kopper kaffi

Verden ser ut til å berre fortsette kaos og krig
Påvirkar oss om vi vil eller ei

Hos meg er det arbeidshelg
Stort meir enn det kjem eg meg liksom ikkje til
Startvanskar:-)

Bør nok ta meg ein luftetur før jobb

Av og til kjem nokon og dreg gamlemor utav godstolen som på torsdag
Var ikkje tenkt meg på tur,men hadde fri.
Når nokon då spør pent om eg kan gå med på tur,,,
Tja så gjorde eg det.Vart kjempekos
Må gripe øyeblikka av og til
Ute no har sola blitt avløyst av regnet
Aprilver
Burde kanskje berre fortsette med det eg ikkje fekk gjordt torsdag:-)
Har det med å utsette ting
Plutseleg får eg det veldig travelt
Ikkje lurt det heller

Fri mandag:-)Kan jo ta det då
Litt giddalaus fortida

God lørdag

God morgen:-)

Fridag:-)
Hadde igrunnen tenkt eg skulle ta meg ein tur i skog og mark,men det var igår
Ser ut
Kjenner på kropp og vilje og tenkjer

Nei..
Opplett og litt grått ute
Passer fint for ein litt lang oppvåkningsperiode
Burde gjordt noko i hagen og
Ser ikkje ut som ein hage ærleg talt
Her er det naturen som rår.Dvs,mose og ugras

Kanskje eg berre skal rydde og kose meg innomhus

Berre ta ein luftetur
Strieken i hotellbransjen trappas opp.
Skjønner dei streikande,men synd det går utover gjester og dei som no har konfirmasjonar.
Er bakdeler med alt
Koser meg vidare med God morgen Norge:-)
Ha ein super torsdag