Ingenting sler ein god kopp kaffi når eg sliten og trøtt prøver starte dagen Kjennes ikkje akkuratt frisk og opplagd ut Godt med ein fridag Sola skin til og med,men noko varme er det ikkje Må prøve komme meg ut i frisk luft i løpet av dagen Hjelper kanskje på Har no fått armane og bolen inn på same pinnen på gensaren og starta felling Kanskje det er håp om at eg får denne ferdig Behageleg tråd å strikke med og går ganske fort på pinne fem
Veit eg burde gjordt noko i hagen men har ikkje lyst rett og slett Kortid den lysta eventuellt dukkar opp det veit ikkje eg Truleg aldri Beundrer dei med dei genene
Snart mai Tida fyk avgårde og før vi veit ordet av det er sommaren forbi Ha ein super dag:-) Eg må først prøve komme meg ut av pysjen:-)
Hos meg er det arbeidshelg Stort meir enn det kjem eg meg liksom ikkje til Startvanskar:-)
Bør nok ta meg ein luftetur før jobb
Av og til kjem nokon og dreg gamlemor utav godstolen som på torsdag Var ikkje tenkt meg på tur,men hadde fri. Når nokon då spør pent om eg kan gå med på tur,,, Tja så gjorde eg det.Vart kjempekos Må gripe øyeblikka av og til Ute no har sola blitt avløyst av regnet Aprilver Burde kanskje berre fortsette med det eg ikkje fekk gjordt torsdag:-) Har det med å utsette ting Plutseleg får eg det veldig travelt Ikkje lurt det heller
Fri mandag:-)Kan jo ta det då Litt giddalaus fortida
Fridag:-) Hadde igrunnen tenkt eg skulle ta meg ein tur i skog og mark,men det var igår Ser ut Kjenner på kropp og vilje og tenkjer
Nei.. Opplett og litt grått ute Passer fint for ein litt lang oppvåkningsperiode Burde gjordt noko i hagen og Ser ikkje ut som ein hage ærleg talt Her er det naturen som rår.Dvs,mose og ugras
Kanskje eg berre skal rydde og kose meg innomhus Berre ta ein luftetur Strieken i hotellbransjen trappas opp. Skjønner dei streikande,men synd det går utover gjester og dei som no har konfirmasjonar. Er bakdeler med alt Koser meg vidare med God morgen Norge:-) Ha ein super torsdag
Må innrømme Aldri gått så langt og bratt for blå stolpar Mulig vi har litt forskjellig synspunkt kva som er lett og enkelt og finne Spør du meg burde nokon av dei vore rød Då veit ein meir kva som ventar Eg venta ikkje så bratt terreng på vanleg smal sti Ytre Fjaler sine stolpar er tatt Flotte passe lange tura i lag med dattera Ho fekk lærekøyre og eg fekk trim Går litt seint med meg
Imponert over all plasten idrettslaget har samla inn denne veka Viktig Sjølv prøver eg å plukke med meg boss eg ser når eg går på tur Ha ein liten pose i lomma sånn for sikkerheits skuld
Langs strandkanten kan diverse flyte iland Plast som før var det store er no vorte det motsatte Iallefall når vi slenger det rundt oss
Streik i hotellbransjen Er tid for lønnsoppgjer og streikar no framover Kor vidt denne blir større eller løyst før er ikkje godt å vite Syns det er viktig at arbeidsgivar forskuterer sjukepengar Veit det vert dyrt for arbeidsgivarane men bra personalpolitikk
Skal berre slappe av og nyte søndagroen kjenner eg Om det vert tur eller å lese ferdig boka eg held på med,det veit eg ikkje Kanskje strikke på arm to på gensaren Overskya,men ikkje meldt regn Ha ein super søndag
Godt med fridag og godvær Berre vere ute og nyte godværet Liten stolpejakttur Få panta litt flasker på vegen
Fint med skogstur Stille Laga meg god middag Det fine med fridag Middagen kan vere så seint eg vil Tv og avslapping Morgendagen kjem med regn Då får eg heller ta litt helgevask God helg
Her sit eg att Godt planta i sofaen og krøller tærne godt ned i teppet Litt grått ute Nyt kaffi og knekkebrød med brunost Berre lekkert God morgen Norge held meg med selskap
Våpenhvile i Libanon Brudd i forhandlingar og pave Leo er mindre fornøgd med verdens ledere I alle fall nokre av dei Skjønner han godt
Folkestien er fin og gå og var mange stolpar Måtte sette opp litt fart på slutten for å i det heile nå jobb😝 Greit å få opp dampen av og til Gjorde godt med frisk luft Ingolf derimot hadde forvilla seg opp på hustaket Korleis er eg usikker på Men tok si tid før eg skjønte kor han var Høyrde han jo godt men å løfte blikket opp tok si tid Prøvde med stige men han gadd ikkje det Tilslutt hoppa han Langt Ned kom han Håper det er siste gang
Litt meir spretten han enn eg
Kanskje eg snart bør finne fram støvsugaren Få litt system før eg tek heilt helg
Slik dag er òg kvardagen Alt går i sakte tempo og kroppen vil liksom ikkje starte opp Godt eg har seinvakt og går mot frihelg Litt grått ver ute Passer bra så eg slepp ha dårleg samvittighet Igrunnen bør det vere heilt greit å ikkje vere full av tiltakslyst No er eg muligens lat Men det får stå sin prøve Må no rydde i rotet mitt sjølv Vurderer kort tur ut før jobb.
Nydeleg vårvær Var fantastisk å gå på oppdagelsesferd etter jobb Kjekt med selskap av dattera Kvalitetstid på stolpejakt på ukjende stier i nabokommunen oglitt bilder frå stolpejakt i nabolaget
Bruker jo dobbel så lang tid som andre Veldig friskt på toppen Følte meg nesten slank og lett i det vinden tok tak og flytta på meg Heldigvis kun heilt oppe det var så voldsomt Vanlegvis bruker eg ikkje treffe nokon på denne turen I dag opptil fleire Stolpejakt får folk ut Koseleg Godt å bruke kroppen Dusj og middag og rett på sofaen Litt strikk og tv Ute er skyene på veg å ta over