Formen min er meir enn elendig men skilpadde kjem òg fram
Bruker jo dobbel så lang tid som andre Veldig friskt på toppen Følte meg nesten slank og lett i det vinden tok tak og flytta på meg Heldigvis kun heilt oppe det var så voldsomt Vanlegvis bruker eg ikkje treffe nokon på denne turen I dag opptil fleire Stolpejakt får folk ut Koseleg Godt å bruke kroppen Dusj og middag og rett på sofaen Litt strikk og tv Ute er skyene på veg å ta over
Kaffi og pannekaker til frukost Glad i mat Litt for glad for å vere ærleg
Krølla meg opp i sofaen Tung i pust Allergien blomstrer for fullt Men fri og søndag Litt grått ute og vind Om det blir tur ut veit eg ikkje endå Må sjå det litt an Litt godt med roleg start Strikke litt mens eg ser på tv
I Norge er det fare for streik Forhandlingane går like dårleg der som forhandling om fred Trist verden vi lever i Blir skumlere for kvar dag som går
Har oppdaga at dei har fått stolpejakt og i nabokommunen Det har dei jo hatt før og men no er dei òg plassert nesten i nabolaget
Av og til er det greit å senke skuldrene og la humla suse Sol men vind Vurderte fjelltur Støvsuga bilen. Det einaste såkalla fornuftige i dag Bestemte meg for kose og handletur med dattera Ferjetur til Askvoll Handla både her og der Kosa oss med kaffi og kaker Kjøpte av kjekke jenter som samla peng til Norway cup Fann ein lun krok Samla litt sol før vi kjørte om Dale heim Dattera lærekøyrde og gamla var coopilot To fluer i ein smekk Rusla berre den vanlege ruta då eg kom heim Gadd ikkje tur i skog og mark Kanskje i morra Starta på ein genser Går nok bra til eg skal starte felling Den ser meir komplisert ut😝 God lørdagskveld
Er lov det og Har lufta meg litt og rakk nesten heim før regnet kom Sånn litt grå dag Heilt greit Skal på nattevakt så treng uansett litt sofatid Middag snart i boks Mat må ein ha
Nett starta Har lese nr 1 og likte den Gleder meg til neste leseøkt
Påska er over og no kom sola Nydeleg ute men merker det er april Bit litt om øyrene og godt å dekke dei til på tur Må bestille meg sommerdekk til bilen Først må eg finne ut kor store Dyrt men nødvendig
Snart rusle meg mi vande runde før jobb Ikkje tur i skog og mark men luffing etter vegen Fortsatt litt isspor i trappa etter nattas kulde
Dagen vart så flott sånn litt etter litt Herleg fridag Sein frukost,avslapping,tur i frisk luft Tur til gapahuken til Grendalaget med ein flytevest Må ha to til kvar kano men ein var fordufta No er ny på plass og gjekk litt stolpejakt på same tid Var litt på stolpejakt før i dag og
Dvs. veit ikkje heilt og hjernen hadde fått det med seg Klarer i alle fall å gå rett forbi stolpe uten å registrere Såg den jo men var opptatt av å unngå dei blautaste plassane Så må ta den på ein anna tur Gadd ikkje snu Fortsatt slakk og ikkje der eg bør vere men sola skin
Kvitt lag ute Ikkje at eg treng snø men vi hadde jo lite i vinter så toler litt April
Knekkebrød med brunost er faktisk utmerka påskefrukost Med kaffi til blir det supert Akkurat passe for magen kjenner eg Likar best husmann Baka sjølv og men dei fekk dattera Eg held meg til favoritten Ingolf søv Påskesnø er ikkje for han Der gjekk grensa At eg var tenkt å ha pledda mine sjølv det var visst ikkje hans problem
Helsa står fortsatt i stil med veret Dave er på veg for å besøkje kysten Håper han ikkje ødelegg alt for mykje Naturkreftene kan vere skumle
vore det store i påsken Og litt av ei sykje for å sei det pent Etter å ha vore meir liggande enn ståande nokre dagar så tenkte eg.. Berre der burde bremsa satt seg på Men sola kom mellom haglbygene og eg fann ut at eg ville prøve ein liten tur i skogen Var skremmande kor sliten eg vart Nesten null pust Godt turen er kort
Visste eg ikkje var heilt bra att,men så elendig tja
Går nok på fram Veret er akkurat passe til litt meir sofatid Gleder meg til å sjå familien imorra. Kanskje kjem påskeharen Han har vore sjuk han og❤️ Fortsatt god påske
Skremde opp ein orre Veit ikkje kven av oss som skvatt mest Eiga ro å gå i naturen Høyre bekken sildre og vatnet som ligg der stille og mystisk Men fader kor vått det er i marka no Uten støvler går ikkje Viss du då ikkje likar å bli våt på beina
No er eg sånn godt sliten Laga meg kjøttpudding som smakte ganske bra Hadde tokt litt meir krydder🥹 Men er mett og vel så det Godt med lyse kveldstid Sjølv om veret ikkje er på godsida så nærmar det seg varmare tider
Budd i bygda i over 60 år så var kanskje på tide å gå denne stien Nokre rotvelt gjorde den litt meir utfordrande og støvler er EiT must Men lurer på Kvifor har eg aldri gått der