Sol

Dagen vart så flott sånn litt etter litt
Herleg fridag
Sein frukost,avslapping,tur i frisk luft
Tur til gapahuken til Grendalaget med ein flytevest
Må ha to til kvar kano men ein var fordufta
No er ny på plass og gjekk litt stolpejakt på same tid
Var litt på stolpejakt før i dag og

Dvs. veit ikkje heilt og hjernen hadde fått det med seg
Klarer i alle fall å gå rett forbi stolpe uten å registrere
Såg den jo men var opptatt av å unngå dei blautaste plassane
Så må ta den på ein anna tur
Gadd ikkje snu
Fortsatt slakk og ikkje der eg bør vere men sola skin


Fine tura i lett terreng passer formen
Har til og med strikka ferdig hooden
Ikkje så pen men får vere det den er

Imorra er kvardagen tilbake

Påskesnø

Kvitt lag ute
Ikkje at eg treng snø men vi hadde jo lite i vinter så toler litt
April

Knekkebrød med brunost er faktisk utmerka påskefrukost
Med kaffi til blir det supert
Akkurat passe for magen kjenner eg
Likar best husmann
Baka sjølv og men dei fekk dattera
Eg held meg til favoritten
Ingolf søv
Påskesnø er ikkje for han
Der gjekk grensa

At eg var tenkt å ha pledda mine sjølv det var visst ikkje hans problem

Helsa står fortsatt i stil med veret
Dave er på veg for å besøkje kysten
Håper han ikkje ødelegg alt for mykje
Naturkreftene kan vere skumle

Fortsatt god påske
🐣

Jaja påske 🐣

Her er det omgangssyke som har

vore det store i påsken
Og litt av ei sykje for å sei det pent
Etter å ha vore meir liggande enn ståande nokre dagar så tenkte eg..
Berre der burde bremsa satt seg på
Men sola kom mellom haglbygene og eg fann ut at eg ville prøve ein liten tur i skogen
Var skremmande kor sliten eg vart
Nesten null pust
Godt turen er kort

Visste eg ikkje var heilt bra att,men så elendig tja

Går nok på fram
Veret er akkurat passe til litt meir sofatid
Gleder meg til å sjå familien imorra.
Kanskje kjem påskeharen
Han har vore sjuk han og❤️
Fortsatt god påske

Tur langs Teige eller Rutlevatnet


Skremde opp ein orre
Veit ikkje kven av oss som skvatt mest
Eiga ro å gå i naturen
Høyre bekken sildre og vatnet som ligg der stille og mystisk
Men fader kor vått det er i marka no
Uten støvler går ikkje
Viss du då ikkje likar å bli våt på beina

No er eg sånn godt sliten
Laga meg kjøttpudding som smakte ganske bra
Hadde tokt litt meir krydder🥹
Men er mett og vel så det
Godt med lyse kveldstid
Sjølv om veret ikkje er på godsida så nærmar det seg varmare tider

På ukjend sti

Skulle merke siste løypa vi,trudde eg
Men når ein har ein son og svigerdatter som likar seg i naturen så kjem ein seg plutseleg på oppdagelsesferd

Vågane først


Budd i bygda i over 60 år så var kanskje på tide å gå denne stien
Nokre rotvelt gjorde den litt meir utfordrande og støvler er EiT must
Men lurer på
Kvifor har eg aldri gått der

Takk for turen❤️

Ser ut på ein litt grå dag
Trur det er meir snø på Lifjellet enn det var i vinter
Høgaste fjellet eg ser
Eg vil ha vår
Er jo det då
Snøklokker og krokus
Men kan gjerne bli litt meir sol og gjerne høgre temperaturar
Ikkje meg imot
Påskeveka har starta
Her er det seinvakt
Veit ikkje om eg har lyst til noko før det eg
Strikke litt kanskje
Går no på fram
Må prøve å bli ferdig med prosjektet på eit vis
Nyheitene er like triste som før
Makt er ikkje alltid ein bra ting

Ha ein super mandag

Sommartid


Vi ligg no her vi som EiT slakt
Står klokka er over åtte
Kjennes ikkje slik
Flytta meg frå seng til sofa
Tek kaffien litt i liggande stilling
Småforkjøla og slakk i tillegg

Likar igrunnen best lyse kvelder eg
Men desse skiftene gjer meg heilt surrete

Dei protesterer i USA
Skjønner dei godt
Merkeleg politikk der borte

Gjesp
Meldt regn i dag og
Er litt sånn småkaldt
Mars
Gleder med til litt meir varme og skikkeleg vårfølelse
Kom på at eg treng nye dekk til bilen
Dyrt med bil men her går det ikkje uten

God søndag og påskefri for dei som har det

Påskestemning

Har no klart å få litt påskestemning inne sjølv om veret ute er grått og trist
Stiv og støl etter gårsdagen så passa perfekt
Plutseleg høyrde eg musikken til isbilen og etter nokre månader pause
Fann ut at eg kunne spandere på meg ein heller dyr is
Meget fortjent tenkte eg
God var den og
Fann til og med påskepynten
Mykje godt
Pause frå forberedelsene til stolpejakta i dag
Tek resten imorra
Litt tid til 1 april endå
Bør rydde litt lyng hist og pist
Det tek eg etter kvart trur eg
Utruleg kor ting veks når det ikkje er husdyr som er det opp
Litt sauer og geiter hadde vore tingen

Ha ein super lørdag

Ut på tur. Og litt sur

No har ikkje eg så veldig god gps på telefonen
Når eg då har satt koordinat som eg skal finne att.
Det seier seg sjølv at det tek tid
Lang tid
Når eg då etter å ha satt koordinatene måtte fjerne nokre punkt så gjekk det litt i surr
Fjerna andre enn det eg trudde
Så skal jo retningsville meg først fatte det
Eg gjekk jo der eg trudde eg skulle sette opp ein stolpe. Det stemte jo ikkje. Og det tok si tid før eg såg skikkeleg etter på kartet i regnveret

Fins ikkje dårleg ver
Brrre dårlege klær har eg høyrt
Gløymde då klissvåt sti,høljregn,sleipe berg og fjellsko som langt frå er tette Og ikkje minst. Tung sekk
Må innrømme at av og til havna stolpene der det måtte passe
Banka dei nedi og tenkte
Er det jakt så er det jakt🥳

. Vått,glatt og tungt
Men fekk trim og kom heil heim
Tok timesvis
Men får ordne til påske i morgon

God helg