No får vi att for det fine vinterveret Det regner dag ut og dag inn. No sludder det Meldt opplett frå 06 til 08 søndag Blir nordavind Men opplett er opplett ser ut som søndag er dagen denne veka
Skikkeleg surt ute no Vinden gjer at det føles endå verre liksom
Det å gå tur med meg som kartansvarlig og ansvar for kor stolpar til stolpejakta skal opp er ein prøvelse for nokon kvar Trur det var bra for blodtrykket til alle at turen var ganske kort Men ein tredjedel er på plass Gjenstår den brattaste og lengste og to korte Frist 1 april Dei kjem nok opp Berre synd det er meldt stabilt drittvær Men. Fekk hjelp i dag Vi fekk frisk luft og enkelte fekk til å med testa tolmodigheita Må jo vere berre supert på ein torsdag ettermiddag
Skikkeleg marsver Frå å ha regna sidelengs i kuling til nattefrost Ikkje rart eg fraus inatt Jau eg hadde dyne på Ikkje rare framgangen på strikkeprosjektet som de ser
Har igrunnen fri men er kommunestyre Så der rauk den fridagen🎶 Meldt litt sol i dag men kven veit Syns skyene varsler snø Men sola jobber på
Snart påske så bør vel kanskje finne fram Litt påskepynt Jobbepåske på meg Iår Den siste før pensjonen
Vi held på å blåse vekk. Og regner Innever rett og slett Så i dag må eg prøve å lage dei knekkebrøda eg har utsatt i dagevis Datamaskina nekter meg å komme inn på mi side på blogg Hukser ikkje kVA eg evt kan gjere Jaja Syns vel eg skriv så elendig at eg bør la vere🎶 Må ta oppatt det eg har strikka på sjalet Ser ikkje ut
Trur eg er inne i ein litt tverr periode😀 Går forhåpentligvis over Snart helg Den går til å få satt på plass stolper til stolpejakta Godt vi er fleire
No driv det å reknar for all nedbøren vi gjekk glipp av i vinter Og vind selvfølgelig
Endå sit eg godt planta under pleddet Skal ha meg nokre dugnadstimer for å gjere klar stolpar til stolpejakta Trur ikkje vi set nokon på plass i dag viss veret fortset slik Må vurderast Men deklanane kan vi no fikse inne
Lørdagsmorgen og veret har bestemmt seg for å fortsette i det gamle Bles godt ute og regn i lufta Har funne roa under teppet og med kaffikoppen Ingolf er ekstremt kosesjuk,men har blitt henvist til å ligge attmed:-) Katt er katt og trur dei er sjef Idag har eg funne fram sokker av ulik kulør og hendrar ulikskapen Kjekt lørdagsprogram på tv Løksuppe Likar igrunnen ikkje det eg,men fasinerande å sjå på andre lagar mat,for meg som er elendig kokk
Er lei av nyheitsbilde frå Norge fortida.Vi bør snart få andre tema Glad eg ikkje er kongeleg Det som for oss andre hadde vore høgst privat,blir for dei rulla opp i all offentlegheit
Bensinprisane når nye høgder.Har ikkje elbil.Kun hybrid, og offentleg transport går ikkje her Alt for langt å gå til jobb,så kjenner det på lommeboka Men må jo fram Fører jo og til att alt anna vert dyrt Vi merkar det er uro og krig i verda.Og verre vert det nok Må nok berre prioritere meir Alt har følgekonsekvenser.Ser det er mange byggefirma som går under eller slit Er nok ikkje berre dei Leitar fortsatt etter energien.Syns den burde komme snikande snart,men er berre å gjere det beste utav det,tenkjer eg Tvinge meg ut av og til:-) Men ikkje no:-)
Sliten etter sein/dag og litt angrende til at eg i det heile kjøpte bilett Show med Finn Tokvam God vestlandshumor fekk latter og tårer fram i halvanna time Herlig Dette trengte eg Tusen takk
Ute driv vêrgudane med vårreingjeeing Ganske så kraftig høgtrykkspylar i sving
Berre å kose seg inne Hadde meg ein Førdetur i dag Ikkje fullt så sterk vind der Men vaska der og Kjøpte to puter og mat Fekk masssje på Bailine Og innom Olefine for kaffi og rundstykke Litt kos må ein ha Apoteket fekk òg besøk Dattera lærekøyrde størsteparten av vegen Å sei eg er ein roleg type å ha attmed seg er vel å overdrive Jaja Må ta meg som eg er Trening får ho no i alle fall Kan ikkje få førerkort uten mengdetrening
Kjøpte pinne nr 9 så no må eg berre skjønne mønsteret
Treng nye briller Må først bestemme meg for innfatning Likar ikkje dei eg har no Kvifor eg valde den typen skjønner eg ikkje Sikkert vore drittlei Jaja Sofa resten av kvelden
Det gjer det både billedleg og her hos meg idag Skikkeleg surt ute no i kveld. Regnet kjem både vannrett og loddrett og på skrå
Fekk no meg ein liten luftetur i vinden før regnet kom Har og hatt meg eit kvarter i massasjestol Har det hos den lokale frisøren Best å ikkje gjere for mykje ut av det:-) Ellers så har eg ete meg altfor mett og havna her i sofaen ilag med Ingolf BodøGlimt lader opp til kamp ser eg på tv.Iallefall supporterane Supert levert å komme så langt sjølv om eg ikkje er så veldig opptatt av fotball Dattera spurde om eg kunne strikke ho ein hood kombi sjerf og hette i ett. Såg berre litt opp og sa.jadå.Ser no greit ut Det var til eg fekk mønsteret i-cord Aner ikkje korleis eg skal få det til å strikke kantane med det Les forklaring og er like klok.Har aldri vore nokon strikkeekspert og så er det halvpatent Trur eg må finne nokon som kan forklare.Ser på you tube og vert liksom like klok Skal strikkast med dobbel trå og pinne ni,så veks nok fort.Berre eg no skjønner kva eg skal gjere Uff Må nok øve meg på eit anna lite prosjekt Redd dette kan ta tid Må lere meg å sjekke kva eg seier ja til
Alt er nok enkelt når ein kan det Men må berre kjøpe pinne nummer ni..Det er punkt ein.Tråd har eg kjøpt Dyr tråd så kan ikkje gi opp heller Godt det er lenge til det er vinter att:-)