Ting tek tid


No er tolmodigheit ikkje min styrke,men må nok berre ta verda med ro litt til
Håpe at ryggen snart kjem på bedre tanka
Gode tips vert tekne imot med takk

Sidan eg ikkje orkar sitte er behandling ikkje noko alternativ
Men smurt med voltaren og håper det glir over
Kaldt og surt ute
Så sånn sett heldig med veret
Tur dropper eg i dag
Bok og tv får greie seg
Ingolf har ingen medfølelse
Viktigast er mat og den bør komme presis
Og hyppige inn og ut turar
Gamle damer som sutrer er han lite opptatt av🥲

No trudde eg at folk flest visste at å snakke med pressa når ein hadde litt mykje innabords ikkje er så lurt
Då blir ein ofte litt meir ukritisk til kVA som kjem ut
Filteret er liksom ikkje der
Hjelp lite å sei i etterkant at ein ikkje meiner det
Når politikarane gjer det får det konsekvensar som er litt større

Ikkje enkelt å vere menneske

Ha ein super dag

1 kommentar

    1. Når ølet går inn går vettet ut..
      Da jeg hadde prolaps for en god del år siden mente gamle tante Astrid (født i 1918) at katteskinn på ryggen var tingen. Hun var til og ned på loftet og lette etter et katteskinn moren hennes hadde brukt. (Heldigvis fant hun det ikke, for da hadde hun sendt det i posten til meg umiddelbart.) Du kan ikke få Ingolf til å varme ryggen din?
      God bedring

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg