Det gjer det både billedleg og her hos meg idag Skikkeleg surt ute no i kveld. Regnet kjem både vannrett og loddrett og på skrå
Fekk no meg ein liten luftetur i vinden før regnet kom Har og hatt meg eit kvarter i massasjestol Har det hos den lokale frisøren Best å ikkje gjere for mykje ut av det:-) Ellers så har eg ete meg altfor mett og havna her i sofaen ilag med Ingolf BodøGlimt lader opp til kamp ser eg på tv.Iallefall supporterane Supert levert å komme så langt sjølv om eg ikkje er så veldig opptatt av fotball Dattera spurde om eg kunne strikke ho ein hood kombi sjerf og hette i ett. Såg berre litt opp og sa.jadå.Ser no greit ut Det var til eg fekk mønsteret i-cord Aner ikkje korleis eg skal få det til å strikke kantane med det Les forklaring og er like klok.Har aldri vore nokon strikkeekspert og så er det halvpatent Trur eg må finne nokon som kan forklare.Ser på you tube og vert liksom like klok Skal strikkast med dobbel trå og pinne ni,så veks nok fort.Berre eg no skjønner kva eg skal gjere Uff Må nok øve meg på eit anna lite prosjekt Redd dette kan ta tid Må lere meg å sjekke kva eg seier ja til
Alt er nok enkelt når ein kan det Men må berre kjøpe pinne nummer ni..Det er punkt ein.Tråd har eg kjøpt Dyr tråd så kan ikkje gi opp heller Godt det er lenge til det er vinter att:-)
Enn så lenge er lufta gratis Men det å køyre bil som går på bensin er ei anna sak
Gravsteinen var òg på veg nedover Her må den nok opp og fiksast Trudde vi hadde avtale om at den skulle midtstillast og Det er ikkje gjorde og eg hukser ikkje navnet på dei som satte den opp Sånn er det når ein slettar vel mange e-poster og hukommelsen er av
Men ordnast må det
Gamla venter på energi Mulig eg håper på eit under💕
Ny veke og nye muligheiter Må innrømme at eg føler at vekene mest går vekk i ingenting Flyt avgårde sånn uten at eg får det med meg omtrent Ser så vidt sola bakom alle skyene idag.Omtrent som livet ellers Meldt regn Har ofte planlagt å få gjere både det eine og det andre eg Men,når dagen er slutt så er det lite eg igrunnen har fått gjordt Merkeleg kor lysta til å gjere noko berre sklir ut
Sit her med kaffikoppen og ser på God morgen Norge Nyheitsbildet vårt er ikkje noko å rope hurra for
Yr har lova sol,så satser på at det kan vere ein snev av sannheit i det Ser ikkje slik ut,må eg innrømme Disig morning,men det kan snu:-)
Må male eit strøk att på pinnane mine,for dei vart utsett for regn og sterk vind litt for tidleg:-) Sånn er det når ein rømmer frå alt og går på jobb Treng litt utetid kjenner eg
Krigen er røff i fleire land Blir så lei meg Krig løyser sjelden problem.Dei starter nye Stakkars dei som bur der
Burde vel fyllt opp beredskapslageret. Var bra ei stund,men no er det litt for magert Vi tenkjer vel ofte at,,Skal gjere det,men plutseleg så er alvoret her og
Nei kanskje eg må starte kvardagen Vaske ei maskin med klær komme meg ut av pysjen:-)
Ha ein super lørdag Er litt greit å ha litt å pusle med inne og
Fredag og ute er det regn og ein grå dag Men det er mildt og vår i lufta Sit no hher med kaffikoppen min og funderer over livet
Prøver å forberede meg sjølv på å verte pensjonist Blir nok ein overgang Må legge om vanane når inntekta vert mindre:-)
I verden rundt oss herjer krig overalt Stormaktene rasler med sabler og gjer verden veldig utrygg Går vel først opp for oss kor gale det er når det rammer oss sjølv
Plutseleg er der krig der ein er på ferie Ein kjem seg ikkje heim Er ein av risikoane i denne utrygge verda vi lever i Vi merkar det vi andre og Bensinen vert dyrare Mat vert dyrare og mangel på enkelte ting vil nok komme Medisinmangel er vel mest skremmande
Men vi kan jo krysse fingrane på at uroa ikkje når oss
Her får det berre i rettsaker av ein eller annan grad Skandaler og visa versa Ikkje berre berre å vere ein offentleg person
Det er då ein er glad ein berre er ei grå mus
Her skal eg berre ta verda med ro i helga kjenner eg Veret ser ut som det blir som idag Innever
KVA er bygdenorge uten flinke dugnadsfolk Ingenting Er vel slik i bygd og by No går her i stolpejakt Løypene opnar 1 april Vi har gått opp løyper og samla koordinat Det må merkast og ryddes Stolpene må klargjerast og settast ut
Mange dugnadstimer og god trim Viktig å sende ein varm tanke til dei som gjer jobben neste gang vi jakter stolpar Starta jobben Håper det tørker fort
Er jo slik med alle små og store turløyper Går vi oss vill kjem frivillige frå Røde kors
Idretten og kulturen er full av flinke ildsjeler Nokon er godt synlege men dei fleste jobbar på i det stille
Hurra for alle som yter for at andre skal få nyte💕🎶
Tilbake til mildt og litt grått vestlandsver Mars Sit no her med kaffikoppen min eg Ser på ein båt som tøffer innover fjorden Tegn på at våren er kommen
Krig i midtøsten er ikkje det ein vil høyre om på morgonnyheitene Bomber og folk på flukt Ukraina kjem i skuggen Kva skal ein igrunnen oppnå med alle desse krigane Mange tap på begge sider
Skremmande Skjønner ikkje alltid logikken og tankegangen
Planen er å lage knekkebrød idag. Fort gjordt berre eg får fart på kroppen Det er eit anna tema Burde nok bake brød eller boller og Er tomt Viktig med god tid til planlegging
Får ro av å rusle rundt i skogen Merkar at no er det begynt å tine og er litt våtere Men fortsatt is her og der Kulden slepp nok taket eingong Om ikkje i dag
Var på ein plass eg ikkje har vore før på vandringa vår i dag Spennande å utforske nærmiljøet Andre brukar dagen for å sikre ved til vinteren Dagen starta grå Så kom sola No har kulden bestemt seg for å ta tak Var veldig godt å komme inn i varmen Skal kose meg under pleddet resten av kvelden
Usa og Israel er gått til krig mot Iran Eller til angrep på som det står Er det nødvendig og kva skjer no? Kjenner at det gjer vondt inn i sjela og redselen for fleire katastrofer er stor Veit eg ikkje kan gjere noko med det,men skremmande
Her hos meg prøver sola å trenge fram Vore frost inatt etter mange varmegrader igår Blir nok bra på dagen idag og,men endå lurer det byger i horisonten Lever i spenning Har planlagd tur ,men er berre å kle seg etter veret
Tiltakslysta mi for tida er lik null Nesten så det er eit ork å gå på toalettet:-) Då er det gale Trur energi står høgast på ynskjelista
Men imorra er 1 mars:-)Får ta med meg dei positive tinga Går nok på fram:-)