Av og til er det greit å senke skuldrene og la humla suse
Sol men vind
Vurderte fjelltur
Støvsuga bilen. Det einaste såkalla fornuftige i dag
Bestemte meg for kose og handletur med dattera
Ferjetur til Askvoll
Handla både her og der
Kosa oss med kaffi og kaker Kjøpte av kjekke jenter som samla peng til Norway cup
Fann ein lun krok
Samla litt sol før vi kjørte om Dale heim
Dattera lærekøyrde og gamla var coopilot
To fluer i ein smekk
Rusla berre den vanlege ruta då eg kom heim
Gadd ikkje tur i skog og mark
Kanskje i morra
Starta på ein genser
Går nok bra til eg skal starte felling
Den ser meir komplisert ut😝
God lørdagskveld
0 kommentarer




