Grå dag ute og eg har berre lyst å sove lenge:-) Ser ut som alt er svart /kvitt.Ein svart eller kvit dag. Litt rart.Er jo sjelden noko er det.Svart eller kvitt meiner eg.Slik ellers i livet.
Blir meir og meir grått ute.Sånn ullent:-) Fridag og kjenner det kan gjere godt med ein inne og slappe av dag. Lese og strikkedag.
Jula nermer seg med stormskritt Har ikkje kjøpt ein einaste presang…Aner rett og slett ikkje kva eg skal kjøpe eg.Ynskje har eg ikkje sett noko til Dvs.har fått ei ynskjeliste.Litt greit å vite kva ein treng,eller har lyst på. Her er det ikkje snakk om dyre gaver,men gaver etter lommeboka.
Er igrunnen glad i førjulstida og jula.Familietid og innekos. Advendstida syns eg er den finaste. Bake litt kjeks og få julelukta inn i huset. På jobb og for en del.
Lage eigne tradisjoner:-) Her er det ikkje så mange familietradisjoner. Blit ofte slik i familier med turnusarbeidara.Vi tek det som det kjem:-)
Skremmer meg med aukande koronatal og lurer på korleis reglane blir for jula iår:-)
Solskjer har fått sparken.men lønn for resten av livet,og vel så det Så kanskje det ikkje var så verst.
Budsjettet i kommunen skal vedtakast. Ikkje berre berre det og av og til så går det trill rundt. Men kjem nok i havn i år og. Syns alltid dette er ei vanskeleg prioritering uansett. Er som med privatøkonominen.Den må gå i ballanse ellers går vi på ein smell:-)
Her skal eg hente meg nok ein kopp kaffi og berre våkne litt:-)
Starta med sein oppvakning og den faste stripa mi etter vegen Er vel nesten så eg er vorten :Ho der gamla som trasker utmed utsikten:-) Får berre vere.Eg er den eg er. Nydelig morgon og kaldt.Glatt som berre f på vegen.Tru eg må starte med brodder eller få meg piggsko. Strøbilen køyrde forbi i kveld Ser ikkje glatt ut,men joggeskoføre var det ikkje
Var igrunnen for fint ver å sitte inne i,så sidan veslesysta alt var starta på uteaktivetet,så hjelpte eg til Mangler både styrke og kondisjon,men berre ein jobber på så vert noko gjordt.Litt opprydding etter linjerydding vert til ved eingang:-) Eg klarde å sette eine foten pinn fast nedi eit myrhol.Måtte ha hjelp til å dra opp støvelen.Hadde nok klart det uten,men då hadde eg vorte temmeleg våt:-)Såg temmeleg dumt ut… Kvalitetstid ute er ikkje å kimse av.Gjer godt for kropp og sjel.Frisk luft er bra for det meste:-)
Toppen på felleskapet er å gå til mammaen vår og få servert nystekte vafler.Her gjeld det å ikkje misse eit einaste gram;-) Viktig å ete litt meir enn ein ha svetta ut:-) Ga oss når vi følte vi var begynnt å snuble:-)Var litt ulent
Dusj,kaffi ,strikk og tv:-) Kjenner denne søndagen har gjordt meg godt.
Heilt ærlig og oppriktig så er eg drittlei av å ikkje vere i form. Vakna med dundrande skallebank og totalt tett i pappen.Det siste er vel kanskje meir normalt,men alikavel…
Sto opp for å ta piller for elendigheita,så kokte meg likegodt kaffi. Ute ser det ut til å bli nok ein fin dag.Men no har vinterkulda gjordt sitt inntok. Stjerneklart.
Lyspunkt.Novemberkaktusen overlevde som nokre av dei få luseangrepet her i huset. No er dei begynnt å blomstre:-) Berre få som er sprotne ut,litt meir på den rosa:-) Her må ein ta dei lspunkta eg får:-)
Kjøpte meg roser fordi eg sns eg fortjente det Viktig å belønne seg sjølv innimellom. Litt godt her i sofakroken Trur berre eg skal nyte kaffikopen og soloppgangen som snart kjem.Ser det lysner litt over fjella.Slike litt kalde skfrie morningar er vakre og relativt sjeldne fortida. Burde henta ved i går,men teppe gjer susen så lenge. Jau då.Varmepumpa er på,men merker at kulden sit litt meir i veggane.
Når ein står opp og hovudet banker Nasa er tett og ein tenkjer dystre tanker
Då er det greit å ta på seg utekleda Vandre ein tur og prøve finne gleda Løyse på muskler i nakke og lår Tenkje positive tanker mens eg vandrer og går
Alt kjennes bedre og det går ganske bra Litt dunker hovudet,men fornuften min sa. Alt går seg no til så ta verda med ro. Ta med deg eit blad og set deg på do.
Hatt meg ei runde til naboane og seldt lodd til inntekt for grendalaget I tillegg så har eg sendt melding til mine håpefulle om dei ikkje vil ha lodd.Så må sei meg godt fornøgd med dagens fangst. Var litt mørkt på rusleturen. Hovudlykt var tingen,så eg tok berre dei her i grenda.Får ta dei litt lenger vekke søndag, tenkte eg Angra på at eg ikkje gjekk litt før,for var faktisk hærleg ute plutseleg.For det har nemlig blåse noko veldig før idag.Kortid det stilna veit eg ikkje:-)Men for seint å snyte seg når nasa er vekke Ikkje så glad å gå aleine i mørket,sjølv om månen kom fram
Har hatt ein skikkeleg sprekk på sjokoladeinntaket denne veka eg har vore heime.Det er eg mindre stolt av. Med nød og neppe eg fekk att buksa.Hjelp med joggebukse,men av og til er det greit å få ein realitetsoppdatering:-)Og den kan vere tøff.Har for mange bukser som gir etter
Starta på eine armen til gensaren.Det er eit håp.Iallefall til eg kjem til mønsteret:-) Den tid den sorg
Mange ting eg lurer på fortida. For meg så er det nesten ubegripeleg at ein ikkje skjønner at for å ha pendlarbolig så må du pendle.Er reglane over40 km?Ja så er dei det. Uff. Kanskje de er på tide å skjerpe inn tilsynet,tenkjer eg.Er jo berre nokre få som bryt lova,men det går jo utover alle Politikarane på stortinget får dårleg rykte:-) Pinleg spør du meg.Og skulle vere heilt unødvendig.Det verste er at det er på toppen det er verst.
Sjølv slit eg med å gjere ting ferdig.Eg går av og til plutseleg lei I fjor hadde eg strikkedilla.Den kom plutseleg for 2 år sida og forsvann like fort i fjor haust.. Midt i mange strikke prosjekt Besillte meg tråd til ein vest.Imens fann eg tråd i lageret og strikka ein. Fekk tråd til vest og genser. Så eg starta på vesten.Hadde kun att og strikke rundt hals og ermer. Starta og på genseren og strikka bolen… Då var det slutt på strikkelysta.Borte vekk
Så igår leita eg fram strikkeprosjekta Vesten er snart ferdig Usikker på om han passer lenger. Tok fram genseren og. No lurer eg på om eg får lyst å gjere den ferdig? Er iallefall ikkje ver å vere ute i,og kveldane kan verte lange
Koronatala stig i full fart. Skremmande .Håper vi ikkje får nok ei nedstenging.Presset på sjukehusa er stort.
Tung i hovudet her eg sit.Kanskje eg bør ta ein pille og litt meir kaffi:-)Går seg vel til
jadå,det er litt tidleg,men når eg så alikavel måtte skifte så vart det røde gardiner i november.-)
Var på krypeloftet i ein plastkasse.Til og med strokne.Må hatt ein god dag då eg pakka dei vekk:-)
Til og med ferdig med løparen Så no kan eg finne fram neste halvferdige prosjekt.Eg har eindel
Til og med rydda litt i skapet på badet. Er litt lett og berre sette inni og så trykkjer ein innmed det som ein ikkje heilt får plass til Kasta eindel.Fann att masse hårstrikk som har vore borte vekk ei stund. No er det no orden ei lita stund. Eg er rotete av meg…
Funne meg ein julefilm på tv3.Litt sånn koseleg romantisk film på ettermiddagen. Passer i mørke og ruskever og litt anna enn krimbøkene eg les. Må ha litt ballanse Kanskje det var fordi den passa til julegardinene eller berre ei tilfeldigheit:-) Er tid for levande lys og fyr i ovnen:-)Nyte kveldane.Gripe dagen:-)
Ser på Wenche baker på tv.Korleis får ein slik flott deig?Får alltid min mykje meir klissete. Ser så enkelt ut Skoleboller.. Mine vert altso ikkje slik Ikkje att eg skal bake idag. Her er det fortsatt ganske så tett i toppetasjen,som vanleg Skal ta verden med ro Men eg sikra meg oppskrifta:-) Må vel få det til ein gang eg og får eg håpe.
Litt trist å lese lokalavisa.Her i kommunen er det leiteaksjon .I ein liten kommune,så kjenner ein oftast nokon som kjenner den det gjeld,eller ein kjenner personen sjølv.Så sit ein der og lurer på kven ein leitar etter.Alltid trist når slike ting skjer.
Einaste planen eg har idag er å sjekke ut kor eg har julegardina og juledukane.Jadå…er tid til jul endå,men kan jo vere greit å vite kor dei er. Sidan ca alle blomstene mine i huset var full i lus,så kom alle gardinene ned. Ikkje alle er komne oppatt. Tenkte julegardinene kunne komme rett oppatt på kjøkkenet Dvs.Er berre røde heklakapper.. Må berre finne ut kor dei er føst. Frukosttid:-)Mat må ein ha Ha ein super torsdag
Litt bedre enn før idag,men orker ikkje stort.Sløver i sofaen. Ute er det vorte kaldare Vind og nedbør og har hørt Tor med hammaren har hatt seg ei runde
Nett vore innom naboen for å høre korleis der sto til etter vaksina.Vondt i armen og ellers greit:-) Går over Sett Robinsonekspedisjonen på dataen.Noko skal ein jo fordrive tida med Er personalmøte i kveld,men gamlemor skal halde sofaen.Her må ein tenke på seg sjølv og litt på andre:-) Kan ikkje vere heilt ego heller:-)Lett for her eg surrer rundt i mi eiga svære
Har fundert på kor eg har gjordt av julegardinene…. Mulig dei er på kryploftet.Mysterium. Kanskje eg skal dra ned stigen og sjekke i morra. Trudde eg hadde dei i kjellaren.Borte vekk
Har i det minste huksa og avbestille bok i bestselgerklubben.Kan bli mange bøker og dyrt når eg gløymer avbestille. Veit det er billigare å låne på biblioteket,men er 25 km dit og lettare å få det i posten:-)Berre eg ikkje gløymer avbestille dei eg ikkje vil ha. Ikkje lese endå,men snart:-) Må ha litt å putle med her eg sit under teppet Huskestue:-)Artig og lærerikt.Dag otte er i overkant ivrig etter å vinne,men underhaldningsverdien er stor:-)
Insekt har seks bein:-) Vert lett litt kjedeleg å ikkje orke så mykje.Ete det orker eg ….kanskje eg burde mista litt matlyst… No trur eg at eg skal ta å krype opp i sofaen ei stund.
Så her sit gamlemor og snufser.Snørret renn og søvnen er fråverande Armen er som sist eg fekk vaksine…Den vil ha fred og ro og ikkje bevegast. Men det er som regel bivirkningar med det meste . Angrer ikkje på gårsdagens vaksine sjølv om eg helst hadde sett den hadde vore uten snufsing og rennande nase
Søvnen har vore fråverande,men det skuldast nok ikkje vaksina.To timar får halde seier kroppen min.Eg er ein smule ueinig,men sov godt i natt som var,så skal ikkje klage:-) Så lenge eg får sove ut innimellom så hangler det og går.Det er nesten vorten ein vane. Vart nok for mykje og for sein kaffidrikking igår,så får ta noko av skulda. Tatt ein smertestillande,slik at det er eit håp 0m at det roar seg litt i armen..
Norge tapte kampen om VM plass,så her er jo nermast landesorg skal eg tru pressa. Klart det er trasig,men er vi ikkje gode nok,så er vi ikkje det.Bedre lukke neste gang.Ingen syns det er stas å gå på ein smell.
Vinden har stilna litt,trur eg,eller den har berre forandra litt retning. Kanskje det er stillare her i sofaen enn på soverommet.Litt lei vind og regn som kjem frå alle kanter.Er jo søkk våt så snart ein set nasa utenfor døra. Paraply kan ein berre gløyme her i vest,den er berre til fest. Trur kanskje at sofaen er der eg bør vere idag og ikkje på møte. Snufsande personar bør halde seg for seg sjølv i desse tider.Antar det er biverknader,men kven veit. Er veldig mykje forkjølelse og rundom.Skikkeleg virushøst Mange sjuke små.Dei syns eg mest synd i. Klokka har vorte halv fem:-) Igrunnen så er det litt greit å sitte her sånn i stillheita .Ute er det svart,for her er ingen gatelys som skin.Berre litt lys å sjø på den andre sida av fjorden. Skal nok sove meir,når kroppen vil det,men får berre vente til eg har snufsa meg ferdig og paraceten virkar