Det er fordeler og bakdeler med alt:-)

Så her sit gamlemor og snufser.Snørret renn og søvnen er fråverande
Armen er som sist eg fekk vaksine…Den vil ha fred og ro og ikkje bevegast.
Men det er som regel bivirkningar med det meste .
Angrer ikkje på gårsdagens vaksine sjølv om eg helst hadde sett den hadde vore uten snufsing og rennande nase

Søvnen har vore fråverande,men det skuldast nok ikkje vaksina.To timar får halde seier kroppen min.Eg er ein smule ueinig,men sov godt i natt som var,så skal ikkje klage:-)
Så lenge eg får sove ut innimellom så hangler det og går.Det er nesten vorten ein vane.
Vart nok for mykje og for sein kaffidrikking igår,så får ta noko av skulda.
Tatt ein smertestillande,slik at det er eit håp 0m at det roar seg litt i armen..

Norge tapte kampen om VM plass,så her er jo nermast landesorg skal eg tru pressa.
Klart det er trasig,men er vi ikkje gode nok,så er vi ikkje det.Bedre lukke neste gang.Ingen syns det er stas å gå på ein smell.

Vinden har stilna litt,trur eg,eller den har berre forandra litt retning.
Kanskje det er stillare her i sofaen enn på soverommet.Litt lei vind og regn som kjem frå alle kanter.Er jo søkk våt så snart ein set nasa utenfor døra.
Paraply kan ein berre gløyme her i vest,den er berre til fest.
Trur kanskje at sofaen er der eg bør vere idag og ikkje på møte.
Snufsande personar bør halde seg for seg sjølv i desse tider.Antar det er biverknader,men kven veit.
Er veldig mykje forkjølelse og rundom.Skikkeleg virushøst
Mange sjuke små.Dei syns eg mest synd i.
Klokka har vorte halv fem:-)
Igrunnen så er det litt greit å sitte her sånn i stillheita .Ute er det svart,for her er ingen gatelys som skin.Berre litt lys å sjø på den andre sida av fjorden.
Skal nok sove meir,når kroppen vil det,men får berre vente til eg har snufsa meg ferdig og paraceten virkar

Ha ein strålande onsdag når de våkner:-)

4 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg