Vaksinert for det eine og det andre

Burde vore ei vaksine mot utbrentheit og sure kjerringer og.Sure menn og for den saks skuld:-)

Er igrunnen deprimerande ver
Har pressa meg ut til ein tur i vind og regn
Gjorde sikkert godt,men var temmeleg vått.
Frisk luft og trim er visst bra for psyken:-)

Åt spekesild til middag.Godt var det,men no drikk eg litervis med vatn og cola uten sukker.
Veit ikkje om det siste er så lurt,men syns det er kjempegodt


Snart ferdig med dette prosjektet.Får prøve å gjere ferdig alle halvferdige prosjekta eg har rundt omkring,men har skorta på lysta til å gjere noko som helst.
Kanskje eg skal ta det som eit godt tegn at eg har tatt fatt i heklenåla.

Digitalt møte kl 20 kom eg på.Burde kanskje vaske håret og ta meg ut frå mi beste side.
At eg vaser rundt i pysjbuksa ser ingen på digitale møte,så lenge eg sit iro.:-)
Møtedag imorra.

Tester ut kor mykje kroppen toler:-)Slepp no gjere noko fysisk:-)Må kanskje starte opp hjernecella litt innimellom:-)
Ser på nyheiter og dramaet med flyktningar på den Polske grensa,,,Stakkars menneska som står oppi desse situasjonane.
Mykje elendigheit i verden overalt.Vi er heldige i Norge:-)

1 kommentar

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg